heiter det i diktet til Arnulf Øverland, vi nyttar den og ber om solidaritet i høve likelønnskampen.
Media har hatt eit sterkt fokus på kven streiken rammer, som foreldre som skal ha barn i barnehage og nærmast tomme barnevernkontor i kommunane. Javisst vil ein streik ramme tredje persom men la oss ikkje ta fokus vekk frå kva som er hovudsaka. Frå den dagen kvinner forlot heimetilværa og vart yrkesaktiv har lønna vert lavare enn mannens. Om vi skal forstå lov om likestilling rett er konklusjonen at samfunnet definerer kvinners arbeid av lavare verdi enn mannens når kvinna si inntekt fortsatt berre er 80% av mannens. Er det slik at arbeid med mennesker, som for eksempel sårbare barn og unge i utsatte familiar, mennesker med utviklingshemming, rusmisbrukarar, eldre og sjuke er av lavare verdi enn arbeid utført av mannsdominerte yrkesgrupper?
KS hevdar arbeidstakarorganisasjonane ikkje tek imot eit tilbod med likelønnsprofil, men dei seier ingenting om kva profil tilbodet har. Dei hevdar vi har takka nei til eit likelønnsløft.
KS sitt tilbod var eit generelt tillegg til alle arbeidstakarar på 0,9 % noko som ville medført att menn (som allerede tener meir enn kvinner) ville fått eit høgare løft enn kvinnene.
KS ynskjer ein lokal pott på 1,4 % med tydelig kvinne og likestillingsføring. Våre erfaringar med lokal pott, tiltross for tydelig føring er at kvinnerike yrkesgrupper vert taparane. Det har tidligare vert lønnsoppgjør med denne typen føringar. Lokale forhandlingar er ingen fordel for kvinnerike yrkegrupper, vi vil ha ei sentral fordeling med forsikringar om at dei nye lønnsforholda ikkje utløyse kompensasjonskrav.
KS tilbyr ei auke av laurdag og søndagstillegget og hevdar dette vil auke 90% av kvinnenes årsløn rundt 2-3%. Vi spør; skal kvinner måtte arbeide meir ubekvemme vakter for å få ei anstendig årsløn? Er dette likestilling? Legg merke til at her er det nytta årsløn ikkje grunnløn. Det er grunnløna vi må ha fokus på. Det er allerede slik at i offentlig sektor arbeider flest kvinner ubekvemt med lav grunnløn og dårleg betalt ubekvemtid.
Vi vil ha eit oppgjør som tydelig viser at kvinner er ivaretatt lønnsmessig utan at dei må arbeide meir ubekvemt.
I Soria Moria erklæringa hevdar regjeringa at likelønn og utjevning av lønnsulikskapen er viktige mål for inntektspolitikken. For å oppnå resultater på dette området må partene i arbeidslivet komme til semje om kva yrkesgrupper som skal prioriteres, og det må vere semje om at nye relative lønnsforhold ikkje skal utløyse kompensasjonskrav frå andre grupper. Fellesorganisasjonen (FO) krev og at prioriteten må vere yrkesspesifikk for å oppnå ei utgjamning av lønnsulikskapen.
Likelønnskommisjonens fleirtal slo fast i NOU 2008:6 angåande likelønsløft: “Tiltaket kan utformes slik at yrkesgrupper hvor mer enn to tredjedeler av de ansatte er kvinner, gis et ekstra lønnstillegg som tilsvarer det gjennomsnittlige lønnsgapet mellom menn og kvinner i den aktuelle sektoren. Et eksempel fra kommunesektoren illustrerer dette: I KS-området er lønnsgapet mellom kvinner og menn med 1 – 4 års høyere utdanning 31 200 kroner per år. Dette eksemplet på lønnsløft innebærer at kvinnedominerte yrkesgrupper i KS-området, både menn og kvinner som tilhører denne gruppen, gis et lønnstillegg på 31 200 kroner per år, i tillegg til ordinær lønnsstigning.” Samtidig foreslår Likelønnskommisjonen at det etablerast ein avtale mellom partane om at lønnsveksten i offentlig sektor kan være høgare enn i privat sektor og at lønnsløftet kan bevilgast med friske midlar over statsbudsjettet.
Likelønnsspørsmålet har vert det sentrale i årets oppgjer. Vi i Fellesorganisasjonen (FO) har krevd konkrete tiltak på dette området. Vi har krevd lønnstillegg målrettet mot kvinnedominerte grupper og vi har krevd høgare lønn for barnevernpedagoger, sosionomer, vernepleiere og velferdsarbeidere som arbeider i kommune-Norge. Vi har heile tida vert klare på at regjeringa må på bana og sørgje for auka rammer slik at konkrete likelønnstiltak kan gjennomførast.
Våre medlemmar arbeider blant annet i barneverntjenesta, i tjensta til utviklingshemmede og i sosialtjenesta. Det arbeidet vi gjer som velferdsstatens frontsoldatar verdsettast over 100.000 kroner lavare enn arbeidet til funksjonærar i privat sektor med like lang utdanning. Slik kan det ikkje fortsette!!!!
Vi kjempar no for å ta eit viktig første steg for å utjamne denne ulikskapen. Derfor ber vi om solidaritet i streiken for likelønn og eit likestilt arbeidsliv.
FO Sogn og Fjordane
Styret