Annonse
Sognatreff

KAMPEN FOR EIT BETRE BARNEVERN

Den alvorlege situasjonen i det kommunale barnevernet har vert gjenstand for merksemd frå Fylkesmannen ei rekke ganger. FO organiserer dei fleste som arbeider innan denne tenesta. Vi mottek stadig henvendingar frå våre medlemmar som gjer oss urolege over situasjonen, dei melde auka press i antall saker, høgare grad av alvorlege saker og fleire saker med fristbrot og henlegging. Vi vil gjere oppmerksom på at det er arbeidsgjevar som er ansvarleg for tenesta ikkje den einskilde arbeidstakar. Ansvaret arbeidsgjevar har for barneverntenesta tilseie ei auke i tilsette. Dei fleste kommunar i Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet i antall tilsette rekna utifra antall saker dei arbeider med og antall barn i kommunen. I følge Statistisk sentralbyrå var antall tilsette pr. 1000 innbygger mellom 0-17år på landsbasis 3, medan det i Sogn og Fjordane er 2,4. ( 2008- tal)

Då årets statsbudsjett vart lagt fram var det gjort ei ekstra bevilgning til ny stillingar i det kommunale barnevernet. Det er få kommunar som har tatt dette på alvor. FO Sogn og Fjordane har gjennom avisinnlegg, brev til ordførarar og rådmenn samt å ta opp situasjonen i dei møter vi har med arbeidsgjevar forsøkt å få fram alvoret. Seinast 22.april vart det sendt brev til ordførar og rådmann i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Til ordførarar og rådmenn i Sogn og Fjordane.

Fellesorganisasjonen FO krev eit styrka barnevern

FO har tidlegare vore i kontakt med Dykk kring samme tema- dessverre framleis like aktuelt.
Det er dokumentert at barnevernet gjennom fleire år har vore underbudsjettert både statleg og kommunalt, dette gjeld også i vårt fylke.
I statsbudsjettet for 2010 vart det lagt opp til ein auke i talet på tilsette med minimum 400 stillingar i det kommunale barnevernet utover normal stillingsauke. Dette som ledd i ein opptrappingsplan med 1500 stillingar over 4 år. Midlane blei gitt gjennom dei frie overføringane til kommunane. Det blei også sett av pengar til mellom anna særlege tiltak innafor rusproblematikk og fattigdom blant barn og unge.

Realveksten i frie inntekter til kommunane var for 2010 på 2,7 mrd. kroner, av desse blei det frå regjeringa rekna rom for også den nemde auken i stillingar innanfor barnevernet. I følge fylkesmannen skulle dette gje 7-8 nye stillingar i vårt fylke. Så les vi i blogg frå Fylkesmannen av 06.04. d.å., at deira gjennomgang av budsjetta for kommunane viser ein budsjettert auke på 3-4 årsverk. Samstundes er det, på fylkesbasis redusert 1,5 årsverk.
I den samme bloggen står det å lese at auken i barnevernsaker har vore på 64% frå 1997. Sakene er også blitt meir tidkrevande og komplekse.

Kommunane løyser dette ved å legge vekk saker. I gjennomsnitt legg kommunar i vårt fylke vekk 20,3 % av sakene, i ein kommune er dette talet på over 50 %!. I bloggen blir det konkludert med at rettstryggleiken til barnevernsbarn ikkje blir respektert. Dette er det ikkje vanskeleg å slutte seg til!

Blant FO sine medlemmar er det mange engasjerte og flotte barnevernsarbeidarar som ønsker å gjere ein best muleg innsats for barn og unge som treng barnevernet si hjelp. Slik situasjonen no er, blir tilsette i barnevernet sett i skvis mellom fag og økonomi, fag og system og fag og kapasitet. Ei av løysingane på dette er betra rammevilkår.

Vi vil på det sterkaste oppmode om at det vært teke høgde for dette når budsjettet i år skal reviderast og i kommande år når nye budsjett i kommunane skal vedtakast.

FO Sogn og Fjordane
Styret

Vist 489 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Sølvi Solvang!

Har du verkeleg sett deg inn i korleis enkelte barnevernstilsette i enkelte kommunar i Sogn og
Fjordane arbeider?
Dersom dette blir allment kjent vil folk flest få kuldegysningar og bevislige fakta for at det ikkje
berre er “mangel på ressursar”, det dreiar seg om i det såkalla “trivselsfylket”!
Underteikna set med KLARE DOKUMENTERBARE BEVIS for at Barnevernsleiarar og barnevern-
tilsette set tilside såvel barnevernlova som forvaltningslova og bryt FN’s barnekonvensjon og
driv rein terrorisering av barnefamiliane!
Underteikna har fylgd tett saker frå Sogn barnevern og Gaular barnevern som viser SKRÆMANDE
døme på BARNEVERNSOVERGREP og rettsforfylgjing av barn og barnefamiliane, frå barnevernet
si side!
Og høyrde du jenta som fortalde om sine opplevingar med barnevernet på NRK, for ei tid sidan?

Er du interessert i å vite meir om dette Sølvi så kan du ta kontakt!

Exclamation_desat_24

Alf Kollsete
Takk for ein oppriktig og interessant telefonsamtale.
Vi er begge enige i at barnevernet skal verne barn mot eit skadeleg oppvekstmiljø. Eg kan ikkje gå ut og kommentere enkeltsaker som har eller er under handsaming i einskild kommunar i Sogn og Fjordane. Dette har eg ikkje forutsetning for då eg ikkje har innsyn i dei. Men vi er begge kjent med negative mediaoppslag kring barnevernet.
FO Sogn og Fjordane meiner at i stor grad skyldast utfallet av desse sakene rammetilhøva for det kommunale barnevernet. Når der ikkje er tilstrekkelig ressurser til førebygging, til oppfølging og veileiing vil tilhøva for dei tilsette bli å driva “brannsløkking”. Dei kjem for seint inn i sakene, dei har for få ressursar til å grundige undersøkingar og til å følge opp sakene. I mange tilfeller trur vi førebyggande tiltak vil være tilstrekkelig hjelp for borna og familien. Men då må dette være på plass i kommunen. Eg kjenner til at i nokre kommunar er det tilsett sosionom/ barnevernpedagog hjå helsesøstertenesta som driv oppsøkande og oppfølgjande verksemd hjå utsatte familiar. Dette har vist seg ha god effekt.
Når rapportar Fylkesmannen legg fram syner at kommunane i Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet i antall tilsette i barnevernet, samstundes som der er ei kraftig auke i saker og det er ei høgre alvorlegheit i sakene må vi som profesjonsforbund reagere. Vi kan ikkje sitte stille og sjå at born vert skadelidande og våre medlemmer arbeider under rammevilkår som ikkje heng saman med virkeligheita i barnevernet. Særskild med tanke på den økonomiske auken som vart tildelt kommunane gjennom rammeoverføringane i år. Denne auken skulle gå til 400 nye stillingar i det kommunale barnevernet i Norge, for Sogn og Fjordane skulle det utgjere mellom 7- 9 stillingar.
Det er dette vi prøver å få fram i innlegget.

Sølvi Solvang
Fylkessekretær
FO Sogn og Fjordane

Exclamation_desat_24

Sølvi Solvang!
I vår telefonsamtale tok eg opp alvoret i dei sakene der barnevernet,
herunder sakshandsamarar og ikkje minst barnevernsleiarar “grip inn”
og gjer overgrep mot barn og barnefamiliar, HEILT UTAN GRUNN!
Dette har bevisleg ingenting med dei oppgåvene barnevernet er sett
til å skjøtte, jfr grunnlaget for undersøkelse og vedtak etter barnevernlova
§§ 3-2 og 4-12., jfr. også FN’s barnekonvensjon!

Eg viste også til reglane i Forvaltningsloven om dokumentinnsyn, som gjeld
for saker handsama av barnevernet og trekte fram saker frå vårt eige fylke,
det såkalla "trivselsfylket Sogn og Fjordane "og understreka at
barnevernets inngrep/overgrep i ein velfungerande familie ikkje akkurat
fremja trivselen for dei involverte partane, herunder borna!
Det var full semje mellom meg og deg at det var hensynet til “barnets beste”,
som var det avgjerande for alt arbeid i barnevernet!

Eg understreka i samtalen at slike overgrep frå tilsette/ansvarlege i
barnevernet, med grove påstander retta mot foreldra om omsorgssvikt/overgrep,
på fullstendig sviktande grunnlag var eit psykisk/mentalt overgrep som ville
påføre familien, barn, foreldre,besteforeldre m. v. skadeverknader på både kort
og lang sikt (livsvarig) og såleis var/er å sjå på som like gale som
fysiske overgrep!

Vonar at FO Sogn og Fjordane også vil vere opptekne av at barnevernstilsette også
gjer jobben sin på rett måte i henhold til lover, regelverk og konvensjonar og ikkje
berre krev større ressursar i form av meir midlar og fleire tilsette, med andre ord at de
også vil vere opptekne av å kvalitetssikre arbeidet til dei tilsette?

Middalen 05.05.2010

Alf Reuss Kollsete

bestefar til ei jente på snart 2 år som er utsett for BARNEVERNETS OVERGREP

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir