Annonse
Sognatreff

NÅR FOLKS HELSE VÆRT ØKONOMI

Ei omlegging fra lokalsjukehus til distriktmedisinske senter kor eit “spleiselag” med omliggande kommuner skal finansiere sengepostar er å overføre kostnadane til kommunar som allereie slit økonomisk, sjølv med ei overføring av 20% av tilskota som no tilfell helseforetaka. Omlegginga som er foreslegen er basert på ei samhandlingsreform som er planlagt satt iverk frå 2012. Gjennom samhandlingsreforma foreslår regjeringa å gje kommunane eit medfinansieringsansvar for pasientar som behandlast i sjukehus. Det innebærer at kommunane skal betalar ein andel av kostnadane ved behandling på sjukehus. Kostnadane skal pressast nedover i tenestekjeden og i enden av den kjeden står den einskilde borgar.

Den markedsøkonomiske tankegangen er i ferd med å gjennomsyre heile helsevesenet. Sjukehusa er tatt over av byråkratar, økonomar og folk frå privat næringsliv som har tatt i bruk eit bedriftsøkonomisk språk som er framant for folk flest. Pasientar er blitt kundar, behandling kallast produksjon og ventelister kallast ordrereservar. Omgrep som bestiller, brukar, utførar, produksjon og kontrakter er blitt daglegtale. Når pasientar vært sende heim frå sjukehusopphald er dei ikkje friske, men “utskrivningsklare”. Slike omgrep høyrer ikkje heime i fagspråket innan spesialisthelsetenesta. Ein slik tankegang gjer noko med oss som fagfolk, skapar sanningar, så holdningar og til slutt handlingar. Dette forsterkast når delar av pasientbehandlinga vert sett på som utgiftspost. Fordi innsatsen ikkje kan synleggjerast som ein type aktivitet som utløyser pengar, såkalt DRG-poeng (diagnose relaterter grupper) og innsatsstyrt finansiering.

Effektiv sjukehusdrift og pasientbehandling handlar sjølvsagt om økonomi. Men sjukehus er ikkje butikk. Folks helse skal ikkje vere gjenstand for kjøp og sal. Heller ikkje skal busetnad vere gjenstand for kva helsetilbod dei vert tildelt. Velferdstatens hovudprinsipp er å sørge for borgerane sin sikkerheit. Spørsmålet vert om det er sikkerheit god nok for folk i utkantstrøk når nedleggingsspøkelset trugar lokalsjukehusa, når avstanden til fødeavdeling, akuttavdeling, og andre avdelingar som eldre, unge og barn har behov for hjelp frå vert for stor. 10- 20 mil til næraste sjukehus er lengre i Sogn og Fjordane med fjellovergangar og ferjestrekningar enn i andre delar av landet med 2 felts motorveg. For FO Sogn og Fjordane er det innlysande at eit kvalitetsikra helsetilbod kostar meir i Sogn og Fjordane og vi meinar det er verdt pengane.

Helseforetaka står i eit konstant krysspress mellom ambisiøse helsepolitiske mål og krav om å få stadig meir utav pengane. Det er eit stort misforhold mellom ambisjonane for velferdstaten og dei faktiske ressursane som er stilt til rådvelde. Resultatet er at velferdstaten har blitt avhengig av ansatte som strekker seg ekstra langt for å få endane til å møtast. Dette er fagfolk som står ansikt til ansikt med brukarane, og som ikkje har samvet til å gå fra ansvaret for å imøtekomme deira behov. Problemet er og at makt og ansvar ikkje lengre følgast an. Makta sit i øverste del av organisasjonen, mens ansvaret er plassert i frontlinja.

Den offentlige kontrollen med helsepolitikken er redusert, det fins inga politisk folkevalgt eining på region nivå til å kontrollere dei regionale helseforetaka. Helsestyra som var satt til å ha den konrollerande rolla har fått rolla som administrator.
Vi meiner det er på tida at staten tek att den politiske styringa og kontrollen med helseforetaka og reverserer den amrikaniserte økonomistyringa som gjer seg gjeldande gjennom new public management.

FO Sogn og Fjordane
Styret

Vist 196 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Sølvi.S. Dei er no ikkje heilt i land ennå, med den "Amerikanske Økonomistyingsmodellen her i landet, som Presidedet Obama, har forkasta, sjølv om det koste ein god del no i begynelsen, å få rydda oppatt etter finansakrobatane der !

Exclamation_desat_24

Trulig så brukar/betalar bedriftene i S-Fj:, meir pengar på HMS, kortids- sjukemelte. Enkelte har egnen bedriftshelsetjeneste/Lege og egen Anbulanse, osv:
Få fylkesbasis kostar sannsynligvis meire årlig, en underskuddet, til “Helse-Førde”. Helse-Førde sin “modell-1” bidreg neppe, til verken mindre kostnad eller mindre kortidsjukefraver i bedriftene. Dermed er det berre, å slå fast, at verken Bedrifter, Folk eller Fe, flaggar for “Model-1”, kansje sistnemte ?

Exclamation_desat_24

Eg er heilt einige med deg.
Det er slik at kostnadane vert ikkje lavare om helse og omsorg skal drivast med profittt. Eit profittstyrt helsevesen er etter mitt syn i konflikt med prinsippene for velferdstaten.
Vi skal ikkje pleie våre sjuke og svake med sikte på å tene penger. Vi gjør det fordi det er det beste for samfunnfunnet som heilheit.Derfor er eg av den meining at den profittbaserte økonomistyringa må bort og kontrollen med drift må takast over av staten.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir