Annonse
Sognatreff

Tek oppgjer med dei konservative kreftene.

Mange kloke menn og kvinner har gjennom mange år gjort ein stor innsats for det norske samfunnet i Arbeidarpartiet. Odvar Nordli er ein av desse. Han var statsminister i Norge frå 1976 til 1981. Nordli er no 82 år gamal. Ein artikkel på nettstaden til Oppland Arbeiderblad viser at han framleis har meiningar om og god innsikt i norsk politikk. I artikkelen uttalar han seg om den betente sjukehusdebatten som rasar fleire stader i landet no. Eg meiner det er svært kloke ord frå Nordli.

Nordli tek eit kraftig oppgjer med dei som vil bevare alle lokalsjukehusa. Han seier Vi må ikke overlate til de mest konservative kreftene i Norge å bestemme hvordan samfunnet skal se ut på viktige områder.

Han seier og: Spørsmålet er ikke å ta noe ifra noen, men å gi folk noe bedre. Jeg savner politikere som med kraft kan gå ut å forklare at det er slik seier Odvar Nordli i ein samtale med Ap-sekretær Raymond Johansen.

“Vil heller overleve på Gjøvik enn dø på Hamar.”

Vist 173 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir