Stagnasjonsfylket?I sin blogg, I am fiction, har Anne Viken lagt inn eit innlegg som ho holdt på småsamfunnkonferansen i Tromsø 18. mars. Viken har analysert Sogn og Fjordane si “omdømesatsing” og har i all hovudsak stempla den som totalt mislykka. Ho meiner blant anna at fylket marknadsfører seg som eit fylke som stagnerte på 1800-talet, og at hvis Arbeidarpartiet får det som dei vil med tilltakspakkar, så vil fylket verte stempla som ein bananrepublikk mellom Hordaland og Møre og Romsdal. Det er ikkje første gang Anne Viken spissformulerer seg om Sogn og Fjordane og omdømet til fylket. Seinast for nokre månader sidan skapte ho ein kjempedebatt med spissformuleringa: “Død over Senterpartiet, Målrørsla og bunadseliten“. Og i 2007 skapte ho like mykje debatt då ho skreiv eit lesarbrev der ho skulle ha bunadsbål, etter at Sogn og Fjordane sendte 60 bunadskledde til Oslo i gåve til Kongen sin 70-års dag. Sjølv fekk eg merke Anne Viken sin spisse penn då vi gjekk på Hafstad Vidaregåande saman på midten av 90-talet. Ho og nokre andre utgav ei anonym skuleavis som var stort sett i oposisjon til alt som foregikk ved skulen. Eg hugsar ikkje lenger kva det var ho skreiv om meg, men eg hugsar at eg satte alt inn for å finne ut kven det var som hadde skreve det. Kan ikkje ha vore så gale sidan eg har gløymt det. Sogn og Fjordane skal være svært glad for at vi har Anne Viken, og andre som henne. Vi treng nokon som klarer å sette ord på dei utfordringane vi faktisk har, uansett om dei spissformulerer det eller ikkje. Anne Viken har to gonger satt igang debattar i fylket, som er heilt avgjerande for kva som kjem til å skje med fylket i framtida. Skal vi fortsette som vi alltid har gjort eller skal vi tenkje nytt? Korleis vert vi oppfatta av folk som vi ynskjer skal flytte hit? Hvis ein skal gje Anne Viken kritikk for noko, så må det være at ho trekk opp ein bråte med problemstillingar og feilsatsingar, utan å sei korleis ho meiner at det skal løysast. Etter å ha kritisert fylket for korleis vi har profilert oss, så seier ho at ho ikkje veit kva løysinga er på korleis vi kan profilere oss betre for å snu folketalsutviklinga. Eg trur ikkje på det!! Gjennom sine debattinnlegg og bloggar har Viken fleire gonger vore innom løysingar på problemet. I debattinnlegget i 2007 skreiv ho blant anna: “Det er på høg tid å markedsføre Sogn og Fjordane på premissene til målgruppa. Har de jobbar å tilby oss, fortell oss om dei. Har de tomter, happenings og barnehageplassar, skrik det ut før fylket kun består av ei handfull menneske viss einaste tidsfordriv er å sy bunader til kongelege bursdagar.” Som journalist og skribent skal Viken være samfunnskritisk og sette fokus på utfordringar. Ho treng ikkje nødvendigvis være løysingsorientert i sine spissformuleringar. Likevel har Viken sine bidrag i debatten om framtida for Sogn og Fjordane vore av dei mest konstruktive og løysingsorienterte vi har sett. Dette har nok samanheng med at dei fleste som heng seg på debatten forsvarer det beståande, og kjempar med nebb og klør for at inngenting skal forandrast. Til sjuande og sist så er det andre som bør, og må ta opp ballen der Viken har sparka den. Sjølvsagt så vil ho nok fortsatt bidra i den debatten om dei forandringane som forhåpentlig kjem, men det må andre og heilt andre aktørar på banen i tillegg. Spesielt næringslivet må komme meir på banen, det er tross alt dei som kan skape arbeidsplassane som vi treng for at nokon skal flytte hit. Men for min del vil likevel det viktigaste være dei politiske beslutningane som vert fatta i åra som kjem. Hvis ein skal fortsette med kunstig åndedrett til utdøyande næringar, satsing på finkultur for dei få, basere politiske vedtak på ultralokale hensyn og aldri verte einige på tvers av kommunegrenser, då kjem vi heller ingen veg. Berre tida vil vise om vi kjem oss ut av den “stagnasjosntilstanden” vi no befinn oss i. Anne Viken, og forhåpentlig mange andre, vil nok bidra med kritiske røyster til utviklinga i fylket, og eg håpar ikkje dei gjer opp. Over tid vil også dei som no tviheld på det beståande “felle frå”. Kanskje er det første målet for utvikling å redusere gjennomsnittsalderen på fylkestinget til under 50 år?
Vist 62 gonger. Følgt av 1 person. Sognatreff
Følgt av 1410 medlemmar.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir | ||