Frå 3 kvartal i 2000 til 4 kvartal i 2009 steig prisen på elektrisk kraft frå 11.6 øre/kWh til 32.1øre/kWh, no er den prisen komen opp i 92,55 øre/kWh i Sogn og Fjordane.
Det har vore ein årleg produksjon mellom 132 – 142 000 Gwh i åra 2000-09. I denne perioden hadde vi 2 år med dårleg produksjon p.g.a. lite nedbør. Nettoforbruket vårt har gått opp med ca 10000 Gwh til 111 598 Gwh i denne perioden. Samstundes har eksporten i normalåra 2000-09 variert mellom 7162 og 20529 Gwh.
Sidan 1960 har det vore 9 år der importen har vore større enn eksporten, og då stort sett med små marginar. Sidan 1960 har 7 av 9 fossefall vorte utbygd, og resten er under stort press. Det nye nå er ei sterkt subsidiert og fordyrande vindkraftsatsing for å sikre stabil kraftleveranse. Denne satsinga vil vere med på å fordyre forbrukarkrafta, samstundes som store naturområde går tapt. Når slike områder vert forringa, vil heilskapen som ligg i desse områda, der dyre- og plantelivet og landskapsopplevingar med meir er sentrale ting, felle i verdi for alle som brukar naturen som rekreasjon.
Slike løysingar er ikkje fornuftige for Noreg. Oppgradering av eksisterande kraftverk, strenge restriksjonar på eksport og større fokus på energisparande tiltak er mykje meir fornuftig. Men så lenge politikarar og kraftselskap berre fokuserar på ytterlegare utbyggingar, og viser mindre interesse for slike førebyggjande tiltak, vil prisane auke og problema vil vedvare.
Tala her viser oss at sjølv om forbruket har gått opp i den fyrste tiårsperioden, har vi aldri hatt større forbruk enn produksjon. Frå 2008-2009 gjekk forbruket ned med 3.9%, eit års endring fortel neppe at trenden har snudd. Men det som fleire år viser, er at veksten har stansa. Meir nedgang er nok innan rekkevidde. Statistisk sentralbyrå sine sider viser og at produksjonen i 50 år stort sett har vore større enn forbruket, og at vi heile tida har hatt aukande straumprisar.
Men sjeldan slik auke som no, berre sidan desember har prisane auka med over 100%. Det finst vel ikkje nokon annan livsnødvendig forbruksvare som har hatt ei slik auke i dette landet. Prisane vil før eller seinare komme ned igjen på eit normalt nivå, men når kraftselskapa får lov til å tømme magasina våre, for å selje krafta, vert manglande vatn brukt som argumentasjon for meir utbygging.
Dei fire største kraftproduserande fylka vi har er Hordaland, Nordland, Sogn og Fjordane og Rogaland, i den rekkefølgja, alle med ein produksjon på 14- 16000 Gwh i året. Det er ikkje noko anna fylke er i nærleiken av. Dei tre sørlegaste av desse fylka, utgjer Region Vest og står for meir enn 45 ooo Gwh, dette er omlag 1/3 av heile årsproduksjonen i Noreg. Sogn og Fjordane er med sitt låge innbyggjartal, det fylket som kan levere frå seg mest energi pr innbyggjar.
Når vi då ser og høyrer at sentrale myndigheiter rettar sitt blikk mot oss for å byggje ytterlegare ut både vasskraft og vindkraft, for å sikre ei stabil kraftforsyning vert det heile eit klart bevis på inkompetanse eller vanetenking. Der det er tillit til gamle oppskrifter som fører byråkratane og politikarane på avvegar, som fører til at trua på den gamle tanken om at meir er løysinga, også når det er for mykje av noko, som elkraft, ikkje berre i olje og energidepartementet, men og blant våre folkevalte politikarar på Løvebakken. Sidan tidleg på 60 talet har argumentasjonen frå kraftindustrien og regjeringane vore at vi må byggje ut meir for å kunne få ei stabil og billeg kraftforsyning. I dag 50 år seinare er argumentasjonen den same, og prisane aukar samstundes som vi manglar kraft.
Kva er det som då er problemet?
I slutten av denne tidsperioden gjekk Noreg inn i Nordpol, som er eit kraftsamarbeid mellom dei nordiske landa, men stat og regjering har ikkje sagt noko om kor mykje vi kan eksportere. Dette er eit urovekkjande moment. Når kuldeperioden vi gjekk inn i november/desember sette inn, var det ingen som gjekk inn for å avgrense eksporten for å sikre Noregs straumforsyning. Så lenge kraftselskapa kan drive eksport utan restriksjonar vil vi komme i denne situasjonen heile vegen framover.
Vidare er det slik at så lenge det vert opna for ytterlegare utbyggingar av småkraft, vil forbruket auke. Når forbruket aukar må det byggjast meir. Det vert og nødvendig med fleire store kraftlinjer. NVE, OED og Statkraft sa under synfaringa Ørskog-Fardal i haust, at skal dei søknadane som ligg inne ved NVE på småkraft og vindkraft bli realisert må det byggjast ikkje berre ei 420kv linje, men to.
Når vi ser kor vanskeleg det er å plassere ei slik linje, kan vi berre tenkje oss konfliktane det blir om det vert snakk om to. Alt dette skal då plasserast i eit av verdas vakraste naturområde. Kvalitetane Sogn og Fjordane har er av ein slik karakter at vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på det.
Argumenta frå utbyggjarar er at vi kan ikkje leve av naturen åleine, vi må ha industri for å skape arbeidsplassar. Dette er ei sterkt modifisert sanning, menneske har i alle tider levd av det naturen kan gi. Korleis kan vi då seie at vi ikkje kan leve av naturen åleine no? Vi lever i ei evig symbiose med moder jord, og vi må tilpasse oss det. For oss som bur her er dette kanskje mindre skremmande enn for byfolk, men vi har lett for å la oss påverke.
Større og fleire utbyggingar er til størst fordel for by-samfunna. Kva fordelar vi i bygdene har av dette er vanskeleg å seie. Men ein ting kan vi einast om, det er at dess meir straum vi forsyner sentrale strøk med, dess fleire flyttar dit og dess fleire bygder vert ståande tomme. Det er vel snart på tide at politikarane våre snart tek ansvar for oss som bur utanfor dei urbane stadane. Skal bygdesamfunna overleve må det vere folk der.
Hans Christian Hansen
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane