VEGSITIUASJONEN PÅ KALDESTAD – KALDESTADVEGEN.Vi er for tiden blitt ein god gjeng bekymrede foreldre på Kaldestad, Prestnes, Bjørkhaugvegen og Røssland med tanke på vegsitiuasjonen vi har her på Kaldestad. Strekningen gjelder i frå Friheim på Grønstøl og nesten til det gamle samvirkelaget på Røssland. Vi opplever stadig uhyggelige trafikkmessige sitiuasjoner som vi er bekymret for at til slutt vil ende med at liv går tapt. Dette kan vi ikkje sitte og vente på. Heller ikkje kommunen bør gjere det. Så lenge eg kan huske, har ikkje denne vegen fått noko nevneverdig justering. Og då snakker vi over 30 år. Det kom opp noko autovern i ”krokolabrekko” i 1989 etter ei dødsulukke. Vi opplever derimot at byggefelt som idag vert satt opp blir pålagde eller får tilrettelagt ein god brei vegstandard med bla sykkelsti. Eg meiner innbyggermessig, er vi fleire innbyggerer på gjeldane vegstrekning enn både feltene Røsslandslia, Rustene og Porsvik for å ta nokre eksempel. Og det er mange born som dagleg skal på skulen og andre interesser på ettermiddagen. Vi har bedehus og ungdomshus som stadig er i bruk. Bedehuset står forøvrig 10 cm ifrå den kvite sidelinjen på vegen. Når det gjelder denne aktuelle vegstrekningen så har vi opplevd minst 2 dødsulukker som eg sjølv kan huske, det kjører dagleg semi-tungtransport til/frå bedrifter i nærområdet. Hus har faktisk vorte skada som følge av påkjørsel av vogntog. Vegen er for smal og har mange ugunstige kurver. Denne vegen vert dagleg brukt og kryssa av born heilt ned i 6 årsalderen som skal til skulen. Det finnes heller ingen busslommer på denne strekningen. Nok er det nok, og vi derfor om ei tilbakemelding ifrå Kvinnherad Kommune om kva planer som ligg for utbedring av denne strekningen og når vi eventuellt kan forvente handling. Er det gjort nylige eller tidligere vurderinger/planer for strekningen med tanke på sikkerhet og opp i mot minste standard ein kan forvente av dagens vegstandard. Skal det vere plass til gåande på siden av hvit sidestripe av vegen ? Er det planlagt busslommer og bussholdeplass som ikkje til stadig hindrer anna trafikk. Vi vil også be kommunen uttale seg om dei syntes vegen er forsvarleg for gåande/syklande born og vaksne.
Vist 796 gonger. Følgt av 2 personar. Kvardag
Følgt av 910 medlemmar.
Kvardag i Kvinnherad er Kvinnheringen sitt nettforum. Her kan du føra opp arrangement i kalenderen, skriva debattinnlegg, starta kampsaker, leggja inn bilde eller kontakta folk. Meir om sona Kvardag er ei sone på Origo. Les meir | ||