Annonse
Kvardag

Ap ber for industrien !???

I eit lesarinnlegg i måndags Kvinnheringen, står det eit langt brev der Kvinnherad AP ber si eiga regjering om å gjera meir for kraftkrevjande industri her i landet.
Men eg må nå spørja eg, hadde det ikkje beintfram vert lettare å finna seg eit parti som verkeleg bryr seg om kva som skjer med industrien her i landet. Den regjeringa vi har no, er jo meir opptatt av å reise vera rundt i privatjett, og snakka fint om dei høge avgiftene dei bruke for å ta knekken på veras mest miljøvenlege smelteverks industri.
Så spørsmålet er vel om ein skal tru på Julenissen eller finna seg eit parti som vil ha industri i dette landet !

Vist 2037 gonger. Følgt av 7 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Bidraget frå Kvinnherad AP til Industrien er 7 promille i Eigedomsskatt… Det er jo det samme som å skyta seg i foten….

Exclamation_desat_24

Ja, kvar vart det av Det norske arbeiderpartiets ideologi om å byggja landet og halde folket i arbeid? Men, vi kan vel ikkje venta noko anna enn dagens miljøfanatisme heller. Når vi veit at dagens folkevalde for det meste består av evighetsstudentar, offentlig tilsette og ei mengd andre utan praktisk røynsle, så vært ofte resultata deretter! Fagforeingsfolk og `gutta på gølvet`som før var bærebjelken i det norske sosialdemokratiet, er kasta på dør til fordel for urøynde urbane broilerar inne frå hovudstaden. Men vi har oss sjølve å takke, vi har stemt dei inn ved vårt lolege demokratiske verkty, der medietekke, karisma og tjukt valflesk har vært eit ypparleg agn! Freistande lovord om barnehagar, sjukeheimsplassar og gode velferdsordningar har vært lettare å sanke stemmer på enn avanserte utredningar om co2-avgifter, kraftprisar og industriens rammevilkår. Dagens politikk kan samanliknast med eit forbrukslån utan langsiktig dekning! Vi kjøper oss snart til fant på offentlige velferdsordningar og bedagelige ordningar, slik at vi kan pleie våre lystbetonte aktivitetar og arbeide stadig mindre! Det elementære kriteriet for vår velstand, nemlig inntektene frå vår eksportretta industri, vært det stadig vanskeligare å nå fram med! I staden for å gjere situasjonen konkuransedyktig for vår kraftkrevjande industri, ved å redusere og helst fjerne co2-avgifter, så har næringsminister Giske kokt i saman eit supperåd!
Kunne ikkje vår godeste næringsminister heller konsentrert seg om det vi tross alt har, i staden for å samle ein masse folk frå landets overklasse? Noko som heilt sikkert endar opp i ei meng nye arbeidsplassar innan bransjen papirflytting og skjermgloing!

Exclamation_desat_24

Synest det er rart at ikkje ein einaste AP mann har vert inne å prøvd å forsvare den industri fiendtlege politikken som blir ført, både på nasjonalt og lokalt plan av deira parti.
Men kanskje det bare er det beste å finne seg ein anna parti som vil ha industri i dette landet, om vi skal overleve her oppe på berget !.

Exclamation_desat_24

Arbeiderpartiet bør skifta namn til Avgifts partiet..

Exclamation_desat_24

Det er ikkje så enkelt å komma med noko innlegg i denne debatten når ein er litt usikker på kva kritikken til AP går ut på. Er det CO2 avgifta? Er det eigedomsskatten? Er det at AP lagar ulemper for arbeidsfolk i industrien? Er det Frp som er svaret på alle problem i industrien?

Eg delar bekymringa for industrien og spesielt eksportindustrien no under lavkonjukturen i verden. Det er vanskeltige tider. For oss lokalt er det kanskje spesielt Søral me no er urolege for.

Ein kan ikkje skulde problema til Søral på Det norske Arbeidarparti. Problema til Søral er først og fremst manglande etterspørsel på varene dei leverer og manglande langvarig, god straumavtale. Dette er problemet når ein oppererer på ein open verdsmarknad. Den opne marknaden styrer seg sjølv og kan ikkje styrast verken av Arbeidarpartiet eller andre parti. Frp, framfor alle, har også grunnleggjande sans for den frie opne marknad.

Når mange land er representert innan same marked er det avgjerande at alle konkurrerer på like vilkår. Det er difor uaktuelt at enkelte rike land subsidierer sin industri. Det hadde me ikkje godteke av andre land og det godtek ikkje andre av oss. Eg kan ikkje sjå at det er politisk usemje om dette.

Norge, og dei fleste andre land, har ein miljøpolitikk som er byggd opp slik at det skal løna seg å ikkje ureina. Det skal løna seg å gjera alt ein kan for å gjera all produksjon så rein som mogleg. For at ein heil verden skal ha ein lik miljøpolitikk, som igjen gjev endo likare konkuransevilkår, må det politisk handlekraft og betydelege ressursoverføringar frå rike til fattige land. I Frp sin logikk går denne utjevninga ut på å fjerna miljøkrava i dei landa om praktiserer den. Heldigvis er verden kome lengre i denne debatten enn Frp. Søral har valgt ein strategi der rein produksjon skal vera ein av grunnpilarane. Har dette vore ein suksessfaktor eller ein misslukka strategi? Me kan jo samanlikna med verk som har valgt anleis.

Ser ein den norske industrien i etterkrigstida under eit, må ein kunna seia at det er ei suksesshistorie, med få sidestykke i verda. Norsk industri har vore solid og eigarane har kunna heva million og milliardbeløp i forteneste kvart år – også i mindre gode år. Ei solid arbeidarrørsle og ei solid fagforening har sørga for at industriarbeidstakarar i norge er dei best betalte i verda. Dessutan har ein kjempa for arbeidstakarane sine rettar og verna om arbeidaren sin posisjon som tilsett.

At Frp vil frigje konserneigarar, som hentar million og milliardfortenestar, frå skatt og samstundes svekka arbeidstakarane sine rettighetar i form av å lempa på reglar for fast tilsetjing, svekka arbeidsmiljølova, undergrava sentrale forhandlingar osb. er det reelle problemet.

Det hadde vore interessant å høyra kva ein industriarbeidar hadde tent på at Frp styrte landet. Det hadde vore interresant om dei ivrige debattantane over kunne sett ord på om det er kun dei tilsette (i form av permitteringar og oppseiingar) og samfunnet (i form av krisepakkar og subsidiar) som må betala prisen for dårlige tider, medan eigarar fritt kan ta ut si forteneste – i gode og vonde dagar.

Exclamation_desat_24

Starte med det siste først Oddbjørn, eg har aldri vert FRP og tvile sterkt på eg komme til å bli, vertfall så lenge dei har den Israel politikken dei har, og eg ser vel også andre ting eg ikkje her heilt einige med dei i !

Men når det gjeld industrien, så starte du jo godt sjølv, Co2 og Eigedomsskatt. Noreg produsere noko av veras reinaste smelteverksprodukt med rein vasskraft, men blir pålagd Co2 avgifter som andre konkurrerande land ikkje har, der dei bruke kull og anna forureinande kraftvariantar, er det like vilkår?.
Eller når staten godkjenner at nye olje plattformer skal byggast i utlandet til tydleg subsidierte prisar, som ligge under det som bare stålet ville ha kosta i innkjøp til norske verft, er det like vilkår?.
Jens og Co snakke så fint om kor miljøvennlege dei er, dei er så miljøvenlege at dei heller sende bosset i trailer til Sverige for å brenna det der, bare for å kunna fyka privat Jet til miljøkonferansar og fortelja vera kor miljøvenlege vi er!
Eller at staten innføre ei arveskatt på næringsliv som kunn er basert på ”Å ta dei rike” som SV var så klar for her tidlegare (dei hadde ikkje fått det til utan AP si støtte), er det god næringslivs politikk?.
Nei det er lenge sida AP var opptatt av å bygge dette landet, no er det kunn å finne på nye avgifter for å ta knekken på det som er, siste eg høyrte var avgift på produksjon av hønseegg, det var for stor produksjon så det blei lager, kva med å prøve noko nytt, få varene ut til gode prisar så hadde lagra forsvunne, ikkje bare gripe til den gamle regla med å finne på nye avgifter.

Når det gjeld dei ”arbeidarrørsle” som du snakke om så er dei grodd alt for tett saman med AP, noko som gjere dei til ein dårleg representant for arbeidsfolket, dei ser meir på kva som er rett og godt for AP ein kva som er bra for sine eigne medlemar.

Og så går no kommune styret inn for å innføra 7 0/00 eigedomskatt på næringsområdar, samtidig som vi er nede i ein bølgjedal, noko som kan føra til kroken på døra for fleire arbeidsplassar i kommunen, trur det er fleir ein meg som ikkje får ting til å henga på greip. Og han som har støtta AP mest her i kommunen frå SP prøve å lura seg unna med å få hemeligholt sin ”søknad” om lågare skatt, fordi den vil ta knekke på bedrifta hans, bare det seie jo at Kommunestyret i Kvinnherad er på Ville vegar !!!. Og eg er vel ikkje aleine om å linke den eigedomsskatten direkte til Kulturskulebygget, så der har vel ikkje Mr Prestnes så mykje han skulle ha sagt, han har vel vert det største pådrivaren for det i kommunen. Så det Kvinnherad kommune har lagd opp til, det er å bytta vekk industri og næring i eit Kulturskule bygg, lykke til !!!!.

Exclamation_desat_24

Myklebust svarar på mange spørsmål, men ingen av mine.

Exclamation_desat_24

Oddbjørn Kloster, no gjekk det meste du spurte om kva som hadde vert så mykej betre med FRP, men som eg sa, eg har aldri stemt FRP, og tvile og på eg kjem til å gjera det.

Men eg trur at AP må bli litt meir opptatt av folket i dette landet, og ikkje vise verden rundt kor at vi er flinkast i klassen på alle plan, om dei skal komma seg tilbake til den tanken at dei skal bygga landet, for det dei no driv med er å riva det ned, stein for stein, ein kan bare sjå rapporten om tilstand på norsk infrastruktur som blei lagd ut for nokre veker sida, det var ikkje net lovande lesing.

Det Noreg burde gjere slik situasjonen er no, det er å bruke noko av dei pengane vi har i utlandet på å fiksa opp vegar og anna her i landet, slik at vi sto godt rusta til nye oppgangs tider, for da har ein ikkje tid å rå til slikt !!.
Vi ligg framføre store permitteringar i både verfts og anglegs næringa.
Kva med å putte nokre milliardar i å bygge nye ferjer til kysten, dette er noko som tvinge seg fram og no er det stor ledi kapasitet på verfts industrien.
Anleggs næringa har dårlege tider, det er mange veg prosjekt som burde vert tatt.
Eller er det betre å bare la folk gå på trygd og betale fult for jobben når dei ein gang er i jobb og prosjekta må takast !??.

Det er i nedgangstider ein skal bygga og investera, for kommande oppgangtider !!!

Eller har AP ein god ide om ei Avgift som kan få landet ut av dette også ??

Exclamation_desat_24

Når ein inviterer til debatt kring norsk industri og dens framtid er vi dessverre nødt til å stille følgjande spørsmål. Er det berekraftig for Norge som nasjon og fortsatt oppretthalda kraftkrevande og skipsindustri i den form vi har idag?

Som Kloster heilt riktig påpeiker kan ein ikkje skulda sviktande etterspørsel etter aluminiumsprodukt i verdsmarknaden på DNA. Samtidig kan ein diskutera om alle land konkurrerer på like vilkår. Sjølvsagt er det ikkje slik.

Geografiske og demografiske forhold, samt myndighetenes politikk, gjer at det alltid vil vera ulikskap i rammevilkåra til industrien. Målet med internasjonale organ som WTO, IMF, verdsbanken og EU vil vera å sikra ei størst mogleg utjamning i dei politiske vilkåra. Dette vil gradvis – etter kvart som fleire land blir industrialiserte – bidra til at dei strukturelle rammevilkåra blir likare. Kva gjeld naturressursar og befolkningsstruktur er det derimot vanskeleg å gjera mykje på kort sikt. Sånn sett er det ikkje anna å forventa enn at f.eks. Sør Korea, Kina, India, Brasil, Polen og Russland, land med store populasjonar, er meir egna til å driva arbeidskraftsintensiv industri. Medan land som Norge med naturressursar og kunnskap/kompetanse, profiterer på dette.

At land spesialiserer seg på det dei har grunnlag for, at dei utnyttar sine komparative fortrinn, er med å skapar grobotn for verdshandelen. No har etterkvart teknologien kome så langt i lavkostlanda at det ikkje er lønnsomt å bygga store skip i Norge. Dei bygger båtar raskare enn oss, billigare og kvaliteten er tilnerma lik. Tida er dermed inne for å snu seg rundt, og kikka etter nye næringsveier som skal sikra oss låg arbeidsløyse også i framtida. Nok ein gong vil eg nemna at DNA ikkje har opptredd klanderverdig her, det er heilt naturleg at norsk industri slit når framvoksande økonomiar utliknar eit teknologisk forsprang.

DNA har derimot, etter mi meining, vist liten evne/vilje til å sjå etter nye løysningar for framtida. Dette gjeld blant anna kutt i satsinga på forskning og høgare utdanning. For at vi skal finna oss noko å leva av når oljealderen er over vil det vera naudsynt å vera leiande innanfor innovasjon og intellektuell kapital. Å ha eit kunnskapssamfunn vil vera ein nøkkel for å lykkast i framtida.
Samtidig har dei siste AP dominerte regjeringane fortsatt med å bygge opp skjerma sektor. Ein skal ikkje lenger tilbake enn Holland, og deira forvaltning av sin gassformue, for å sjå faresignala og innsjå at det ikkje går an å bygga eit land på bare tjenesteytande næring. Etter mi meining er det difor feil å fokusera på “bagateller” som eigedomsskatt når utfordringane i realiteten er mykje større enn dette.

Dette er kanskje ikkje eit direkte svar på nokon av spørsmåla stillt tidlegare. Men eg håpar det bidrar til debatten rundt norsk industri og dens framtid!

Exclamation_desat_24

Så kan Incognito få svare på kva vi så skal gjere med alle dei som ikkje evnar å finne sin plass i det såkalla `kunnskapssamfunnet`!
Det er rein utopi å innbille seg at ei konsekvent satsing på inovasjon, forskning og konpetanseheving, vil kunne redusere arbeidsløysa og sørge for ei breidspektra sysselsetting! Når vi veit at det i dag tross alt er ein liten prosent av befolkninga som innehar, eller kan tenke å fullføre høgare utdanning, samt at 1 av 3 elevar ramlar ut av vidaregåande, så trur eg dette kan bli ei formidabel utfordring! Ei anna sak, er at eit kompetansesamfunn set mykje mindre krav til innsats, dvs bruk av fysisk arbeidskraft er mest fråværande. Dette vil i praksis sei at 100 industriarbeidsplassar i ei bygd vært erstatta med 10 ingeniørar på kontoret. Legg vi til grunn at fødselstall og innvandring frå underutvikla delar av verda er det samme som i dag, vil vi med denne politikken produsere horder av unge som gir blanke f.. i å skaffe seg utdanning, av den enkle grunn at samfunnet ikkje lengre tilbyr enkle praktiske oppgåver med låge formelle krav!
Resultatet av dette, blir då at framtidas akademikarar fint må finne seg i eit 40-50% skattetrekk for å finansiere trygda til alle dei borgarane som ikkje vært funne som kvalifiserte til framtidas kunnskapssamfunn!
Så ja, nettopp for å kunne oppretthalde eit breispektra og inkluderande arbeidsliv, samt ut frå våre lett tilgjengelige naturresursar og miljøvinsten, så er ei viss grad av subsidiering av norsk industri faktisk av det gode!

Exclamation_desat_24

No kan det hende eg var noko upresis i mine formuleringar om kunnskapssamfunnet og norsk industri. Det eg egentlig meiner er at me etterkvart kan bli nødt til å bevegas oss vekk frå det vi tradisjonelt har sett på som dei viktigaste forretningsområda idag. For å vera innovative og skapa nye arbeidsplassar vil det difor vera heilt essensielt å ligga i spissen innan forskning og utvikling. Den fysiske grovjobben du skildrar vil det fortsatt være rom for i tjenesteytande næringar. Men den fysiske eksportvara vi kjenner kan fort erstattast av meir immatrielle goder.

No skal det også seiast at tradisjonell industri ikkje vil dø ut iløpet av natta. Norge har tradisjonar for å kunne tilpassa oss dei vilkåra som ligg foran oss, og kanskje vil vi finna nye industriretningar som gjer oss arbeidsplasser innanfor områder vi ikkje finn naturlege idag, ein gong i framtida. Men for å ligge i front i utviklinga er det viktig at vi ikkje er ein bakgårdsnasjon kva gjeld forskning og utdanning!

Exclamation_desat_24

Ja, sjølvsagt er utdanning, forskning og inovasjon viktig. Vi treng legge hovuda våre i bløyt for å finne bærekraftige, framtidsretta norske næringar som kan erstatta det minkande nivået på våre olje og gassreservar. Havbruk, gjerne i kombinasjon med kraftkrevjande industri, då med tanke på utnytting av både co2 og spillvarme, som så kan nyttast i ein lukka fotosyntese, med næringsmidlar/vegetabilsk føde som sluttprodukt, er her eit konkret døme. Det gode i dette, er at slike næringar er desentraliserte, dvs dei held oppe produktivitet, busetnad og arbeidsplassar i norske distriktskommunar.

Vi ska satse konsekvent på inovasjon med sikte på å videreutvikle alt eksisterande næringar. Har faktisk den tru at norske verft har ei framtidig nisje innanfor avanserte og teknologisk krevjande skipskontruksjonar.
I eit stadig endrande næringsliv, skal vi være særs merksame på at vi fører ein god distriktspolitikk. Vi må ikkje stelle oss slik at viktige utdannings og forskningsinstitusjonar vert lagt til sentrale byar. Ynskjer vi levande bygder, lyt dei også få ta del i endring og nyskaping til det positive!

Exclamation_desat_24

Knut M. skriv “Det Noreg burde gjere slik situasjonen er no, det er å bruke noko av dei pengane vi har i utlandet på å fiksa opp vegar og anna her i landet, slik at vi sto godt rusta til nye oppgangs tider, for da har ein ikkje tid å rå til slikt !!.”

Det er eg samd i! Å nytta noko av oljemilliardane på infråstruktur, er eg samd i. Å bruka midlar på gode vegar, tunnellar, bruar og ikkje minst jarnbane, gjerne vestover, vil vera konstruktivt. Det vil koma nye generasjonar til gode samtidig som at folk i dag får arbeid. Dette vil vera topp for folk som lever i dag så vel som dei som kjem etter oss.

Eg er elles skuffa over at dagens regjering ikkje har greidd å få iland ein avtale som kan sikra den kraftkrevjande industrien nok straum. Altfor mange “trygge” arbeidsplassar har gått tapt. Eg er likevel glad for at i mi heimbygd, Ålvik, har 30 permitterte fått arbeid att.

Kvardag

Følgt av 910 medlemmar.

Kvardag i Kvinnherad er Kvinnheringen sitt nettforum. Her kan du føra opp arrangement i kalenderen, skriva debattinnlegg, starta kampsaker, leggja inn bilde eller kontakta folk. Meir om sona

Origo Kvardag er ei sone på Origo. Les meir