Annonse
Kvardag

I sekk og pose kan ingen få!

Ja, debatten her inne den har til til tider gått varm, enten det no har dreia seg om eigedomskatt eller nedlegging av grendeskular. Kvinnheringane vil tvihalde på det som ein har, dvs. at ingenting skal rasjonaliserast vekk, sjølv om det kostar kommunen dyrt å drive det. At kommunen føler seg banket rått og av den grunn innfører eigedomskatt, det liker vi heller ikkje. Ingen vil ha auka utgifter på hus og heim, og samstundes fryktar vi med rette stagnasjon i næringslivet. Så sit vi der då.. alle saman, med valets kvaler.. Vi vil ikkje ha eigedomskatten, men då bør vi kansje være budde på ei viss beskjæring av kommunale tenester? Om det er noko å spare på nedlegging av grendeskular? det har vi endå ikkje sett truverdige kalkyler på, Men, om det på det områder skulle være ein vinst å hente, er då spørsmålet om innbyggarane aksepterer slik `rasjonalisering`all den tid dei slepp eigedomskatt?
Vi må også ha i minnet at Kvinnherad kommune har gjennomført to store samferdsleprosjekt og er godt i gang med det tredje, og det i ein tidshorisont på knappe femten år! At desse prosjekta med sine kommunale forskoteringar vært dyre for kommunen og dens innbyggarar, det treng ein ikkje være samfunnsøkonom for å skjønne! Eg er i den tru at den kan bli vanskelig å finne andre kommunar som Kvinnherad kan samanlikna seg med i både innbyggartall og næringsstruktur, som har påteke seg slike omfattande og kostbare prosjekt i løpet av så kort tid! Så at dette i lang tid etterpå skal betalast av blandt anna oss, kan då umogeleg ha komme uventa på verken lokalpolitikarar eller oss kvinnheringar!

Vist 1555 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Ser ikkje at det er nedskjæringar i den sentrale delen av administrasjonen.. Det går fleire på vente løn berre for å berga pensjonen… Sponsa kantinemat har dei og… Ta med niste mat og få ut dei som ikkje har noko der å gjera….

Exclamation_desat_24

Det er eit ballansert innlegg du kjem med her, Jone! “Drar du fellen i eine enden, krympar den i den andre”, er eit gamalt ordtak som passar her (om ikkje fellen blir påsydd då). Du nemner fleire moment i innlegget ditt. Eg vil kommentera eitt; forskottering av vegprosjekt.

Du trur at det “kan bli vanskelig å finne andre kommunar som Kvinnherad kan samanlikna seg med i både innbyggartall og næringsstruktur, som har påteke seg slike omfattande og kostbare prosjekt i løpet av så kort tid!” Eg trur du har rett. Men det er ikkje først og fremst “innbyggjartal og næringsstruktur” som er avgjerande her, trur eg, men heller det faktum at det meste av Kvinnherad til no har vore ei øy med omsyn til kommunikasjonar. Å koma til og frå denne kommunen har vore både tungvindt og dyrt. Det har difor vore heilt nødvendig å gjera ein innsats her, sjølv om fylke og stat burde ha trødd til som ansvarlege i fleire tilfelle.

Mange andre “tilsvarande” kommunar har gjerne ikkje dei same geografiske utfordringane som Kvinnherad har. Politikarar og adm. i Kvinnherad har difor vore nøydde til gjera viss økonomiske grep for å kompensera for manglande kommunikasjonar for å kunna konkurrera med omverda. Det trur eg kommunen vår vil tena på i det lange løp sjølv om det har kosta ein del midlar undervegs.

Riktig nok har Kvinnherad forskottert vegar og tunellar (og ferjeleie) som ikkje ligg i vår kommune, men det har her i mange tildelle vore ein bytehandel der andre kommunar seinare har støtte våre prosjekt med tilsvarande midlar. Og dessutan er ikkje desse pengane tapte. Vi får dei att om enn “rentefritt”!

Kvardag

Følgt av 910 medlemmar.

Kvardag i Kvinnherad er Kvinnheringen sitt nettforum. Her kan du føra opp arrangement i kalenderen, skriva debattinnlegg, starta kampsaker, leggja inn bilde eller kontakta folk. Meir om sona

Origo Kvardag er ei sone på Origo. Les meir