Lat meg gjera det heilt klart. Billistar som bryt fartsgrensa skal straffast, og billistar som køyrer i 150 km/t i ein tunnel har ingenting bak eit ratt å gjere. Men når statistikken syner at 60% av billistane køyrer for fort på ei strekning, så må ein sjå på kvifor dei gjer det, og sette i verk tiltak for å hindre det.
Det utan tvil viktigaste tiltaket for å få tatt fartssyndarar er auka kontrollar. Difor har og Framstegspartiet føreslege å auke bevillgningane til politiet. 1 UP-patrulje i Sogn og Fjordane er alt for lite, og vi ynskjer at ein skal ha minimum 2 patruljer til i fylket. På den måten har politiet høve til å ta mange fleire av dei som gjer vegane utrygge. Politiet må slå hardt ned på dei som bryt lova, og sørge for at folk som set andre sitt liv og helse i fare, helst aldri kjem bak eit ratt igjen.
Samstundes er det viktig at vi ser på kvifor folk ikkje har respekt for fartsgrensene. Og vi må innsjå at lover/og reglar som ikkje vert oppfatta som rimelege og rettferdige for folk flest, også er dei lovane og reglane som oftast vert brutt. Hvis folk skal ha respekt for vegtrafikklova, så må lova være utforma på ein måte som gjer at billistane har respekt for, og forstår lova. Det er ikkje tilfelle i dag. Til og med tidlegare samferdsleminister, Liv Signe Navarsete, uttalte at ho ikkje oppfatta at sjåføren råkjørde, når han køyrde i 130 km/t i Lærdal.
Eit av mange tiltak for å betre respekta for fartsgrensene vil være å tilpasse grensene etter vegstandarden, utan å ha begrensningar på 80 km/t. På den måten vil ein kunne få fartsgrenser som vert respekterte, samstundes som ein kan unngå ein del unødige forbikjøyringar og farlege situasjonar. For vi må innsjå at det er ikkje farta åleine som drep. Det er fart kombinert med farlege situasjonar som td. forbikjøyringar som drep.
Når leiaren i Trafikktryggingsutvalet, Åshild Kjelsnes (AP), kritiserer underteikna for manglande trafikkforståing, fordi at eg kjem med framlegg om korleis ein kan betre sikkerheita på vegane, då vert det lavmål. Hvis ho var interessert i å ha ein debatt om trafikksikkerhet og fartsgrenser, så burde ho arrgumentert på eit sakleg grunnlag, og ikkje prøve seg med politiske sleivspark.
Vi må få meir politi, for å ta fartssyndarane. Men vel så viktig er det at folk har respekt og forståelse for trafikkreglane. Når vi har klart det, då har vi kommen langt i trafikktryggingsarbeidet.
Frank W. Djuvik (FrP)
Medlem av Trafikktryggingsutvalet