Juleverksted på Grendahuset.

Torsdag 26. november var det arrangert juleverkstad på Grendahuset i regi av Svanøy Grendautval. med mange frammøtte. Det vart produsert mykje fint og ein mangler ikkje akkurt råstoff frå skogane på Svanøy med kristorn, einer, tuja og sypress, pors, gran og furu.
Det vart også produsert mykje lys og pyntesaker, og ikkje minst vart det laga mykje god mat, både lefser, pannekaker og forskjellige typer kakemenn, der mange fekk prøve seg på utkjevling og forming av godsaker som sjølvsagt også måtte smakast på. Grendautvalet opna med å servere risengryngraut som fall i smak.
Dette er etter kvart blitt ein før-juls tradisjon som ein rett og slett må ha med seg, eit fourm der besteforeldre og travle foreldre kan mingle og kose seg med born i alle aldrar. Takk til alle som var med og bidrog til ein strålande fin kveld i grendahuset.