Annonse
Sognatreff

Kommmunesamanslåing - tap av velferd og makt

Raudt vil gje ros til Liv Signe Navarsete som i NRK 22. okt. sa at det ikkje vil bli tvangs-samanslåing av kommunar i hennar tid som kommunalminister. Dette gler vi oss verkeleg over. Raudt vil oppretthalde kommune-strukturen fordi vi er mot sentralisering av velferd og makt.

Fleire stader i fylket er det no ordførarar som ”drøymer”. Sogndal-ordf. Aarvoll (AP) drøymer om storkommune frå Hella til Sognefjellet. Hyllestad-ordf. Bråstad (SP!) ser ut til å ville gå saman med Fjaler – og Askvoll? Sentralistane i Indre Sunnfjord greier vel ikkje heilt å leggje frå seg draumen om eit ”stor-Førde” sjølv om innbyggjarane stemte nei i 2003.

Kommunesamanslåing er å sentralisere velferd og makt. Ta skulen i Jostedalen som eksempel. Vi har vanskeleg for å tru at kommunestyret i ”stor-Sogndal”, med sine fleirtals-representantar spreidde frå Leikanger til Kaupanger, vil identifisere seg like mykje med skulen i Jostedalen som kommunestyre-representantane i Luster gjer. Representantane i Luster kommunestyre, også dei frå Hafslo eller Skjolden, vil lettare identifisere seg med jostedølene enn kva systrendingar, sogndøler og kaupingar gjer. I kommunestyret i det eventulle ”stor-Sogndal” vil det heller ikkje vere så mange jostedøler, lustringar og hafslo-bygdingar at det hjelper. Slik er det – den kommunesamanslåinga som Aarvoll går inn for, aukar sjansen for at Jostedal skule blir nedlagt.

Sjølvsagt blir kommuneøkonomien avgjerande for om samanslåarane får vind i segla. Dårlegare kommuneøkonomi, ofte gjennom berre delfinansierte statlege pålegg, gjev samanslåarane vatn på mølla. Her har du, Liv Signe, det øvste ansvaret. Svak kommuneøkonomi er ei sterkare kraft for frivillig kommune-samanslåing enn dine forsikringar om at du vil gå mot tvangs-samanslåing. Kan du la SP lokalt gå inn for frivillig kommune-samanslåing når det så opplagt aukar sjansen for at makt og velferd blir flytta til sentrale strok?

Og kvar står SV i saka? Vi forventar at partiet ikkje står så langt frå Raudt i denne saka. Kva med Sogn og Fjordane AP – mot tvangs-samanslåing, men vil lokke/presse fram frivillige samanslåingar?

Ingunn Kandal
Leiar Raudt Sogn og Fjordane

Vist 235 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir