Annonse
Sognatreff

Er det verkeleg nødvendig å fornya landet?

Det heiter seg at ein skal promotera eige parti framfor å framheva og rakka ned på andre parti sine svakheiter. Men nokon må fortelja Noreg at ei stemme til Framstegspartiet betyr meir til dei rike, anbod på di eiga velferd og ei tom statskasse. Er det verkeleg nokon i dette landet som trur med handa på hjartet at Framstegspartiet sin politikk er forsvarleg med tanke på den økonomiske krisa verda er inne i? Dei vil selja aksjar eigd av den norske stat for 70 milliardar norske kroner! Tanken er at dette skal brukast til å rusta opp vegnettet, men kva skjer når me skal halda vegane vedlike og alle milliardane er borte vekk? I ein treårsperiode frå 2006 har desse aksjane Framstegspartiet no vil selja, brakt inn 15 milliardar norske kroner i utbytte. Den vanlege mannen i gata forstår jo då at når Framstegspartiet har rusta opp vegnettet for 70 milliardar norske kroner, så vil dei ha eit årleg tap på 5 milliardar norske kroner som kunne vorte teke ut i utbytte. Dei har heller ingen plan for korleis dei skal halda vegnettet ved like. Det verkar for meg heilt vanvittig at Noreg, som har god likviditet, skal selja statlege eigarandelar, som gir pengar tilbake til staten.

Det er kanskje gale av meg å skriva side opp og side ned om kva som kjem til å gå gale om Framstegspartiet får makta. Og de må ikkje misforstå meg, eg meinar ikkje at over ein femdel av veljarane er dumme som stemmer slik dei gjer. Eg har sopass respekt for vårt demokratiske system, men eg vil kalla dei veldig naive. For det er naivt å tru at Framstegspartiet skal kunna gjera alt so mykje betre. Dei når veljarane med dei enkle standpunkta. Alle skal få meir valfridom og meir pengar, utan at renta skal gå opp. Staten skal få inn mindre frå borgarane og dei skal bruka meir pengar. Det høyres fantastisk ut når dei ramsar opp kva dei skal gjera, men korleis vil dei halda landet ved like når dei har tømt våre økonomiske reservar og selt oss vekk frå alt som heiter statleg eigarskap? Kven er det då som sit att som taparane? Det er sjølvsagt me veljarane, oss vanlege folk som tener gjennomsnittsløn og har akkurat med pengar slik at regningskabalen kan gå opp.

Kva skal ein då stemma på? Eg har overtala mange tvilarar dei siste vekene, som trur at alt er so gale i dag. Det beste spørsmålet alle norske borgarar kan stilla seg er: ”har eg det bra i Noreg i dag, og har eg faktisk noko å klaga over?” Eg trur at dei aller fleste må svara at dei har det bra og at det ikkje er så mykje å klaga for. Innerst inne trur eg at me alle veit at skattesystemet me har i dag er av dei meir rettferdige ein kan finna i verden, og at me ikkje kunne klart oss like bra gjennom den globale finanskrisa utan den raudgrøne regjeringa. Dei har fått mykje tyn for handteringa av krisa, men alle veit at uansett regjering vil opposisjonen aldri vera fornøgd, uansett kor bra ting er. Slik er det berre, og det skal me vera glad for. Det hadde vore utruleg kjedeleg om me alle hadde vore einige og stått inne for dei same standpunkta.

Dei raudgrøne er dei einaste som fortel veljarane kva dei får med ei stemme på éin av dei tre partia. Rotet på borgarleg side er skremmande, og ei stemme på eit borgarleg parti gir deg ingen garanti for kva slags politikk som vert fremja. Einaste garantien for å unngå FrP-politikk er å stemma raudgrønt.

Arbeidarpartiet står for eit land der alle menneskjer har like rettar uansett kvar me kjem frå og korleis me ser ut. Det er viktig at me fører ein ansvarleg økonomisk politikk og set fokus på dei viktige samfunnssakene for vår og kommande generasjonar. Arbeidarpartiet står for eit sosialdemokratisk samfunn der skatteinntektene betalar for vår velferd og sikrar oss eit best mogleg tilbod innanfor skule og eldreomsorg. Ei høgrevending i politikken vil føra til meir privatisering og vil føra til at du sjølv må betala for dei tenestene du treng, ei tilnærming av USA og fleire skritt vekk frå den norske velferdsstaten. Det er skremmande at mange som i dag er totalt avhengige av den norske samfunnsmodellen for å kunna leva så godt som dei gjer, stemmer på Framstegspartiet, som med tid og stunder vil avvikla den modellen me har i dag.

Du som vil li under Framstegspartiet sin politikk, viss dei får politisk ansvar: uføretrygda, arbeidsledige, pensjonistar, pleietrengande, fagorganiserte, studentar og våre nye landsmenn. Ikkje gjer ein tabbe på valdagen, det er for seint å angra seg dagen etter. Det stortinget me vel, må me leva med i fire år. Gjer det rette valet, stem Arbeidarpartiet for å sikra eit samansveisa Noreg der alle er med.

Gjer di plikt, krev din rett, alle skal med!
Vel raudgrønt 14. september, stem Arbeidarpartiet!

Erlend Fardal Lunde
Medlem av Leikanger Arbeidarparti

Vist 253 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir