Annonse
Sognatreff

Dersom du ønskjer eit verkeleg raudgrønt alternativ – røyst heilt Raudt!

Ved dette stortingsvalet har Raudt nådd lenger ut både med valmateriell i postkassar, på stand og gjennom medieinnslag. Det har gjeve resultat:

Raudt ligg an til å gjere sitt beste skuleval i Sogn og Fjordane nokosinne. Vi starta med 8,2 % i Årdal, gjekk vidare med 9,1 % i Dale, 40,0 % på Mo/Jølster, 16,1 % på Nordfjordeid og fekk i dag 27,6 % i Sogndal! Svakare resultat vil mest truleg kome, men uansett så viser dette ei verkeleg venstredreiing blant ungdomen i fylket utløyst av dyktige Raud Ungdom-debattantar!

Raudt ligg på meiningsmålingar an til to representantar på Stortinget – Erling Folkvord og Torstein Dahle. Det vert fint – endeleg nokon på Stortinget som målber ein konsekvent radikal politikk! Ei raudgrøn regjering, eller rein AP-regjering, må då føre meir venstrekurs. Siste fire åra har regjeringa i dei fleste tilfelle sloppe å føre radikal politikk. Dei raudgrøne sin politikk har uansett vore venstreorientert samanlikna med alternativa frå KrF/V og vidare til høgre! Bortsett frå alle dei sakene Stortinget har gjort samrøystes vedtak.

Raudt luktar i enkelte meiningsmålingar på 4%-sperregrensa, dvs. over 4 % av røystene på landsbasis. Når vi denne, kan vi brått sitje med både fire og fem representantar! Her kan også radikale veljarar i Sogn og Fjordane delta for Raudt. Mandatfordelinga her i fylket er så godt som fastlagd – bortsett frå om det blir to frå AP eller to frå SP. Kva er mest interessant – ein eller to frå desse partia eller fleire frå Raudt på Stortinget? Vi trur du har det same svaret som oss.

Raudt er partiet for deg som meiner at SV ikkje er radikalt nok – korkje som sjølvstendig parti eller som sjølvbunde i regjeringssamarbeid med AP og SP. Kvar einaste røyst på Raudt-lista i Sogn og Fjordane markerer eit ønskje om ei grunnleggjande samfunnsendring – eit sosialistisk samfunn der makt og velferd er flytta frå kapitalinteressene over til arbeidsfolk i kampen for ei verd utan urettferd, utbyting og krig.

Godt val! Vil du ha eit verkeleg radikalt raudgrønt alternativ – røyst heilt Raudt!

Ingunn Kandal
2.-kandidat Raudt Sogn og Fjordane

Vist 157 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir