Annonse
Sognatreff

Stopp monsterlinja, SV!

Raudt vil ha energiøkonomisering i staden for ei auka kraftutbygging – det gjev billegare kraft og det sparar miljøet og naturlandskapet vårt. Vi vil ta vare på dei siste frittrennande elvane våre og fryktar at monsterlinja også vil føre til press for omkamp mot også dei verna vassdraga. Vi vil at det særmerkte og verdfulle kystlandskapet vårt ikkje skal sårast med kraft-industrielle inngrep.
Raudt vil arbeide for sikring av arbeidsplassane i aluminiumsindustrien i Høyanger og Årdal. Vi vil sikre levebrødet til dei som arbeider der og folketalet i desse lokalsamfunna gjennom utviding av produksjonen. Ei slik utviding gjennom bruk av vasskrafta til elektrisitetsproduksjonen, sparar verda for 1 mill. tonn CO2 samanlikna med elektrisitet frå gasskraft. Vi vil også minne om at for Elkem Bremanger vil linja innebere 10 mill. kr i ekstra-utgifter (Teknisk Ukeblad)
Desse er Raudt sine grunnar for å gå mot bygging av krafteksportlinja og seie ”Stopp monsterlinja!”
SV innser at dette er ei ”transportlinje for elektrisitet UT av fylket”, men går likevel dessverre ikkje mot bygging av linja. Partiet avgrensar seg til å krevje ”Legg monsteret i sjøen!” (1.- og 2.-kandidaten sitt lesarinnlegg i lokalavisene). Kvifor?
SV bryr seg såleis ikkje om at linja truleg vil leggje press på auka utbygging av vasskraft – noko dei fleste av oss trudde SV var mot eller i det minste skeptisk til. Det ser derimot(?) ut til at SV ikkje har store reservasjonar mot utbygging av vindkraft som etter alt å døme både vil skjemme/øydeleggje kystlandskap/rekreasjonsområde. Vindkrafta vil dessutan auke straumprisane. Og som klimatiltak er vindkrafta i beste fall eit musepiss i havet, hevdar Naturvernforbundet med rette.
Både leiaren i Høyanger Kjemisk Industriarbeidarforeining, Billy Fredagsvik, og leiaren i LO-forbundet Industri Energi, Leif Sande, har gått ut mot krafteksport-linja. Det same har LO Ytre Sogn. Deira argumentasjon er frykta for tapet av arbeidsplassane i den kraftkrevjande industrien i fylket. Burde ikkje ein slik argumentasjon vege tyngre for SV? Og det er vel i så fall eit argument, ikkje for sjøkabel, men mot sjølve krafteksporten. Eller kva, SV?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Vist 147 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir