Annonse
Sognatreff

Helse og pasientar framfor pengar!

Raudt vil oppretthalde lokalsjukehusa både i Lærdal og på Nordfjordeid og samtidig unngå nedskjeringar på sjukehuset i Førde. Vi vil at sjukehusa skal styrast demokratisk slik andre offentlege tenestetilbod. Raudt vil derfor avvikle den ”helsereforma” som Stoltenberg I-regjeringa fekk gjennom i Stortinget. Dei siste meldingane frå Helse Førde er gode argument for dette:

Avisa Firda melde måndag 18.8. at Helse Førde går mot eit økonomisk underskot på 95 millionar kr. Dette går fram av Helse Førde-adm. sin rapport til styremøtet komande fredag. Sogn Avis melde 19.8. at dei politiske partia i Lærdal åtvarar helseføretaket mot la dei sjukaste få svi.

Med andre ord: Alt er som før – helseføretaka spreier desinformasjon, og miljøa rundt sjukehusa tek ansvar.

Desinformasjonen skuldast sjølvsagt at helseføretaka sine budsjett/rekneskap er eit forretningsbasert rekneskapssystem. Dette er eit heilt anna system enn elles i offentleg sektor – for t.d. barnehagar, skular og sjukeheimar. Helseføretaka sine rekneskapssystem er i prinsippet same systemet som næringslivet har for bedrifter som skal skaffe seg best mogleg økonomisk resultat. Hadde helseføretaka hatt same rekneskapssystem som andre offentlege institusjonar/tenester, hadde dei kanskje gått med økonomisk overskot. Dermed hadde presset mot tilbod og tilsette blitt dempa.

Når helseføretaka sine administrasjonar og styre snakkar og skriv om økonomiske underskot, skapar det press for nedlegging av tilbod og/eller reduksjonar i arbeidsstokken. Dette presset er eit direkte resultat av den omorganisering av sjukehusa som Stoltenberg I-regjeringa på rekordtid fekk i gjennom på Stortinget, med støtte frå H og FrP.

Etter press frå fagrørsla, har Stoltenberg vore nøydd til å leggje om kursen litt på nokre område der dei tidlegare skilde seg lite frå dei borgarlege. Kva tid skal AP og Stoltenberg innsjå at sjukehus”reforma” var eit steg bort frå pasientbehov og over til ”pengegaloppen”? Kva tid skal dei ta signala frå Fagforbundet og LO-kongressen på dette området alvorleg?

Og kvifor lyttar ikkje Stoltenberg til SP og SV? Er deira signal for svake? Er det slik også her at Stortinget treng eit parti til venstre for Soria Moria-kameratane?

Ingunn Kandal
2. kandidat Raudt Sogn og Fjordane

Vist 159 gonger. Følgt av 1 person.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir