Annonse
Sognatreff

SV - frå antikrigsparti til ...?

Den sterkaste av forløparane til Sosialistisk Venstreparti var Sosialistisk Folkeparti (SF). Bakgrunnen for danninga av SF var i stor grad AP-medlemar si misnøye med AP sin utanrikspolitikk og den kritikklause støtta til NATO og USA. Det var ei av dei viktigaste årsakene til at landet heldigvis fekk SF i 1961 – eit parti som fekk inn to representantar på Stortinget same året.

No, snart 50 år etterpå, har SV sete fire år i regjering med AP og SP som båe er både NATO- og USA-venlege. SV, det ekte(?)fødde barnet av SF, har no vore del av ei regjering og eit stortingsfleirtal som har sendt norske soldatar til Afghanistan under USA sin kommando.

Norsk krigsdeltaking i Afghanistan er ikkje noko fredsoppdrag. Det er klart at norske soldatar skal ut i offensive militære oppdrag saman med afghanske regjeringsstyrkar. Det er slik USA vil ha det og då vert det slik – i alle fall når AP styrer regjeringa utan avgjerande protestar frå SV.

SV seier partiet går til val på å avvikle det militære engasjementet. Det er fint at partiet går til val på det, men AP-dominansen (med SP på slep?) i regjeringa har allereie forlenga norsk krigsinnsats i alle fall til okt. 2010.
Dei som framleis har tillit til SV som antikrigs-parti bør spørje seg kva protestar SV har hatt i Stortinget mot denne forlenginga.

Korkje Raudt eller SV kan få norske styrkar ut av Afghanistan. Men Raudt kan, tydelegvis i motsetning til SV, bruke Stortinget sin talarstol til å argumentere mot den norske krigsdeltakinga. At nokon i Stortinget snakkar mot USA si krigføring og norsk deltaking er verdt ei Raudt-stemme berre det.

Einar Rysjedal
listekandidat, Raudt Sogn og Fjordane

Vist 110 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Flott Einar!

SV er nok, på lik linje med SP, meir interressert i taburettane enn
i å fylgje sitt program!
Det er dette vi kallar politisk prostitusjon!

Helsing

Alf Reuss Kollsete

Exclamation_desat_24

Så lenge Rødt samler inn penger til terroristorganisasjoner, så bør vi vel ha noen norske soldater tilstede i Afghanistan som motvekt.
Jeg synes partiet Rødts tilstedeværelse i Afghanistan er bare motbydelig, de terroristgruppene som dere støtter økonomisk, prøver bevisst å ramme sivile mål.
På den måten har dere blod på hendene dere også!!
Og vær snill og ikke prøv å bortforklare deg med at det er humanitært arbeid, det blir like dumt som å si at Lommemannen drev med barne og ungdomsarbeid.

PS
Hva med å skifte navn til BlodRødt

Exclamation_desat_24

Hei Lynx! Eg er Raudt-medlem og lurer på om kva terroristorganisasjonar Raudt har samla inn pengar til. Eg berre spør. Men om så var tilfelle – kva har det med norsk krigsdeltaking å gjere og SV si praktiske haldning til den å gjere?

Exclamation_desat_24

Dere støtter terroristorganisasjoner i både Palestina og Afghanistan, blant annet PFLP. Det tar deg bare 30 sekunder å søke på nettet, så finner du masse informasjon.
Du har rett det har ikke noe med SV sin holdning å gjøre, men det betyr at partiet Rødt er uten troverdighet og ikke burde uttale seg om andre.

Sognatreff

Følgt av 1410 medlemmar.

Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona

Origo Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir