Eg las med stor interesse innlegget som Kåre Lerum hadde i Sogn Avis. Etter mitt syn set han fingeren på noko vesentleg, i første rekke for Sogndal sitt vedkomande, men og for heile regionen. Eg skal freiste gje til kjenne mine tankar ut rå dette utgangspunktet.
Nortura i Sogndal er i ein situasjon der dei på sikt ikkje kan ekspandere noko særleg meir på eksisterande område. Dei bør difor starte planlegging for ei framtidig ekspansjon, og som Kåre Lerum seier; legge til rette for å verte den viktigaste, og største produsenten av spekemat innan konsernet. For å få dette til, må dei ha rom å utvikle seg innan. Samstundes vil dei saman med Lerum sine eksisterande anlegg bygge opp eit viktig knutepunkt for næringsmiddel industri sentralt plassert i regionen.
På kysten er det no eit arbeid på gang for å skape den såkalla 45 minuttars regionen. Det er eit stort område med relativ mange innbyggarar der dei ønskjer å utvikle infrastrukturen på ein slik måte at folk kan bu ein stad, og ha høve til å dagpendle til aktuelle arbeidsplassar innan ei grense på 45 minuttar kvar veg. På Kaupanger ligg infrastrukturen med gode vegar alt på plass. Det er i tillegg kort veg ned i Amla til sjøen. Det opnar for at med ein del investeringar kan ein bruke sjøtransport ut og inn til anlegga på Kaupanger. I tillegg er det også flyplass lokalisert på Haukåsen. Kaupanger ligg om lag i sentrum av ein region som dekkar dei fleste kommunane i Indre Sogn kommunikasjonsmessig. Aust – Vest sambandet er og innan god rekkevidde. I tillegg er det mykje ledig plass, og mogelegheiter for fleire nye etableringar i området.
Regionen bør støtte opp om ei satsing på Kaupanger som ein viktig utviklingsplass for næring. Eg meiner det er framtidsretta og ei viktig satsing. Men for å få dette til, må Sogn Regionråd kome på bana. Dette er ei viktig politisk sak, som ein bør drøfte og gå saman om. Ein må sjå kva som tener regionen, då ein samla region vil ha mykje større gjennomslagskraft enn den enkelte kommune. Dette bør kunne utviklast utan at ein går på akkord med næringsutvikling i eigen kommune. Og det er vel dette som var hovudformålet med Regionrådet: å sjå regionen som ein heilskap, ikkje som 9 enkeltkommunar?
Utan samanlikning forøvrig, har det dei siste dagane foregått ein debatt i media om eit distriktsmedisinsk senter. Med bakgrunn i samhandlingsreforma, vil også dette være eit viktig politisk spørsmål som ikkje berre vil gjelda den einskilde kommune, men som vil krevje overordna politisk vurdering på mange av felta innan regionen som ei einheit. Også dette spørsmålet må kome med full tyngde inn i Sogn Regionråd. Det vil være den rette plassen å ta denne ballen.
Kåre Lerum peiker på at det er no vi må gripe fatt i saker, og tenke i dei store linjene, og ha det lange tidsperspektivet framfor oss. Eg støttar han fullt ut i dette. Det er i motbakke ein må gje gass. Har ein først fått opp farten, går mykje av seg sjølv.