Har du ein gammal Bergheim-sluk ?
Det er ei stor glede å kunne fortelje at Bergheim-sluken er i produksjon att. Sluken vart utvikla av Anders Bergheim i 1936 i Flekke-/Guddalsvassdraget. Bergheim-sluken vert no levert med splittringar frå Søvik og Mustad krok 7794DS. Bergheimsluken finst i blank og kopar. Koparvarianten er ein spesiell sluk. Let du han ligge ute i hagen i 2 døgn, vert han mørkare og flekkete. Denne lite tiltalande fargen for eit menneskeleg auge, har eg teke utallige laksar på. Vil du ha han skinande blank att, pusser du han med litt stålull. Bergheimsluken finst i 3 lengder. Kopar: Stor i vektene 41- og 34 gr. Rekorden er laks på 26 kg teken i Gloppenelva. Bruk av Bergheimsluken. Bergheimsluken skal fiskast med sakte fart. Bergheimsluken med 3 krokar. Den opphavlege Bergheimsluken hadde 2 side-dreggar. Det var for å sikre ekstra god kroking. Laksen tek vanleg vis sluken på tvers. Vil du bruke fleire krokar, bør sidekrokane vere str. 6 eller mindre for å hindre at krokane hekter i kvarandre. Fargen på Bergheim-sluken. Den opphavlege hadde ei raud halvside. Seinare kom både raud og svart halvside. Kulturhistorie. Har du ein gammal Bergheim-sluk liggande, byter eg den i ein av ny utgåve om det er ynskjeleg. Har du opplevingar/gode fiskehistorier med Bergheim-sluken, lat andre få høyre om dei !
Vist 130 gonger. Følgt av 1 person. Sognatreff
Følgt av 1409 medlemmar.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir | ||