Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (lørdag 22. november 2008). Les mer om roperten…

pengedryss

Pengedryss over Sleire-filmar
Me var faktisk det produksjonsselskapet som fekk mest pengar ved siste tildeling, seier ein nøgd Magne H. Sleire til Strilen.
Nyleg delte Fondet for lyd og bilde ut pengar til mange filmprosjekt her i landet, og Corax film AS, som far og dotter Sleire driv, fekk to av tildelingane.
Magne H. Sleire er busett på Hosteland i Masfjorden, men hovudverksemda til Corax film ligg i Skuteviken i Bergen.

Frå Romania
Corax film har fått 250.000 kroner til prosjektet «Gatejenta». Det handlar om ei jente frå Bergen som jobbar blant gateborn i Romania.
Magne H. Sleire fekk 200.000 kroner til prosjektet «Kampen om villaksen».
– Dette er ein faktadokumentar som skal ta for seg heile problematikken rundt utviklinga for villaksen, seier Sleire, utan å vilja i detalj, for dette er eit emne med mange kontroversielle sider.

Moldova
Men det er ikkje slutt med pengane der. Marianne Sleire har også fått pengar frå EU sitt medieprogram til ein kortfilm om fire kvinneskjebnar i Moldova. Den har arbeidstittelen «Europas bakgård».
Her var Corax film ein av to norske selskap som fekk pengar frå dette EU-programmet, og samla tildeling var 700.000 kroner.
Fleire av desse filmane er alt selde til NRK for visning der.

Stjernestunder
Corax film jobbar også med redigeringa av filmen om prosjektet Stjernestunder i Masfjorden, for å leggja den til rette for visning i fjernsynet, fortel Magne H. Sleire.
Stjernestunder handlar om korleis ein kan gje eldre i institusjon ei god og meiningsfull omsorg og handlar om tilsette og bebuarar ved Masfjorden sjukeheim.

Storprosjekt
Men Magne H. Sleire har fleire prosjekt på gang. Saman med tre andre produksjonsselskap som lagar naturfilmar, har Corax film danna selskapet NaturVisjon AS. Dette selskapet har laga ein forretningsplan for produksjon av ei rekkje naturfilmar, både dokumentarfilmar og ein kinofilm. Samla har dette prosjektet ei kostnadsramme på 122 millionar kroner. Det er den største naturfilmsatsinga her i landet nokon gong. Arne Nævra, som har laga mange naturprogram for NRK, er med i selskapet.

Naturparkar
Corax film sin del av prosjektet går ut på å laga 30 halvtimes fjernsynsprogram frå ulike naturparkar i Noreg.
– Finansieringa er ikkje heilt på plass, men me håpar å starta produksjonen neste år, seier Sleire.
Viss dei får dette til, vert det største oppdraget dei nokon gong har vore med på.

Vist 33 ganger. Følges av 1 person.