Det er merkeleg med opningstidene i butikkane på Husnes. Dei som er treige og dreg handlinga si til langt ut på kvelden skal tilgodesjåast – mens andre som gjerne vil gjere seg ferdig tidleg på dagen ikkje vert rekna på! For den som har mykje ein skal ha ut av dagen – enten ein skal på seinvakt, ut på tur, arbeid som ventar heime osv – så er det skrekkeleg ergeleg å måtte trø rundt på senteret til kl 10:00! Eg og mange andre ynskjer tidlegare opning!