Raudt vil at statsbedrifter skal styrast politisk til å tene norske samfunnsinteresser og lokalsamfunn. Det skjer først når staten gjennom regjering og Storting brukar eigarmakt. Raudt meiner vi ser for lite til slik styring. Manglande styring legg landet ope for ei H eller FrP/H-regjering. Det vil gjere vondt verre.
Statoil, det statlege oljeselskapet (67 %), har nyleg meldt frå om at det ikkje vil arbeide med fornybar energi. Statoil satsar heller i konkurransen om petro-superprofitt – fordi det likar den private aksjemarknaden. Dersom aksje-prisen derfor stig, aukar sjansen for at konsernsjef Helge Lund og hans nærmaste kan ta ut høgare løn. Utan statleg styring vert det viktigare enn fornybar-satsing.
Erling Sande, leiar i Stortinget sin energi- og miljøkomité, seier han vil bruke statleg eigarmakt. Fint at det vert sagt – Raudt vil sjå at Sande gjer det.
Hydro, det halvstatlege aluminiumselskapet (knappe 50 %), har i fleire år etablert seg stadig sterkare i utlandet medan bedriftene i Norge vert nedtrappa. Staten gjev Hydro, si eiga bedrift, løyve til å byggje eit gigantisk aluminiumsverk i Qatar – utan å syte for investeringar i Norge som kan sikre arbeidsplassane og lokalsamfunna i Høyanger og Årdal. Det er blått.
Korkje Sande, Ingrid Heggø eller andre i denne leiren der ein burde forvente det, seier noko om å bruke statleg eigarmakt i dette tilfellet. Tidlegare stortingsrepresentant Reidar Sandal sa at Hydro burde nektast fleire olje-/gassløyve i Nordsjøen dersom dei ikkje sytte for omfattande investeringar i fylket vårt. Toppleiinga i AP, med liberalisten Stoltenberg i spissen, nekta å sette Sandal sin fornuftige trussel ut i livet. Resultatet ser vi.
Statkraft, det statlege energiselskapet, har historisk vore avtalale-forplikta til å levere kraft til kraftkrevjande industri utan å rekne seg den same superprofitten som ved utanlands-leveransar vil gje. Eit utval i Statkraft klaga si naud over at dette gav tap på 6 øre pr. kWh, dvs. til saman 1,2 milliardar kroner. I staden for at staten kravde at Statkraft la til sides 6 øre-kravet sitt, godtok/bygde staten kablar for krafteksport.
No framover går dei såkalla industrikraft-avtalane ut ein etter ein. Dersom regjering/Storting ikkje grip inn, vil det føre til ein enorm utgiftsvekst på norske aluminiumsverk som bedriftene på sikt ikkje vil makte. Når desse hjørnesteinsbedriftene i Høyanger og Årdal går dukken, står også lokalsamfunna på kanten av stupet.
Kor mykje skal det statlege energiselskapet Statkraft få profitere og vri seg unna avtale-forpliktande samfunns”ansvar” før dei raudgrøne viser seg frå ei anna side enn H/FrP ville gjort? Vil dei raudgrøne la aluminiumsarbeidsplassane i Høyanger og Årdal daude ut eller vil dei styre? Det er opplagt kva situasjonen krev. Den krev aktivt statleg eigarskap og samfunnsmessig styring – eit lite snev av sosialisme.
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar