Først er det berre å retta ei stor takk til dei som på Kvardag sitt diskusjonsforum , tydeleg gjev uttrykk for kva dei meiner om eigedomsskatten , og lat meg leggja til , denne gong bør det fylgja handling etter ord.
Folkevalde , yndar dei å kalla seg , desse som sit med makta i kommunen, men kva skal ein kalla dei når dei sviktar og lyg for innbyggjarane sine .
Når desse våre styrande , nærast har skussla vekk millionar , og kassen er bunnskrapt, ja då skal menigmann versågod koma på banen og ta ansvar, og det skal vi gjera utan å koma med ein einaste liten protest.
Skulle så gale vera , at det nærast byrja ulma i grasrota , ja då er det berre å ignorera desse stakkarane , som ikkje veit sitt eige beste .
Men som ein sa , vi vel vår veg , og det kjem alltid eit val.
Eg har sagt det før , og eg seier det att , NEI til denne urettvise skatten , som kjem til å råka mange , alt for hardt . Og kva har kommunen tenkt å gjera for desse , svaret er ingen verdens ting .
For eigen del er det berre å konstantera , eg har nytta dei siste 10 – 11 åra , til å prøva å settja istand denne gamle garden , som har vore i slekta i generasjonar , og som eg var så heldig å få overta.
Både tid , krefter og økonomi har gått inn i garden min , men eg er på langt nær ferdig , og alt som vert gjort , vert gjort i respekt for både komande og farne generasjonar , og til utruleg gleda for meg sjølv, og det er mange i same situasjonen som meg .
SP gnålar nærast konstant på den gode distriktspolitikken sin, og AP tyt på at alle skal med , og alle er like viktig, det må vera eigedomsskatten dei har i tankane.
Her er bygdenorge i ferd med å rotna på rot, og fråflyttinga aukar frå dag til dag, men sann mine ord , no kjem flyttebilane til å få travle dagar.
Samstundes vågar nokre politikarar seg frampå , og reiser land og strand rundt, for om mogeleg få fleire til å flytta til Kvinnherad , kva i all verda har dei å koma til.
I vår del av kommunen , lever vi og med trusselen om fredning av heile bygder, og frå før har vi Folgefonna nationalpark, og no eigedomsskatten.
Det er så ein lukkar augene og bed ei stille bøn , for kva vert det neste .
Tida er snart inne , då ein kan sei : Lukk døra og sløkk lyset , den siste som går .
Eg forstår vel at det må kjennast som ein siger av dimensjonar , når ein omsider entrar maktas korridorar , etter å ha kjempa for dette i årevis , men som kjent skal det meir en makt til , for å styra land og folk.
Kvar minste ting skal innbyggjarane kjempa for ,men som oftast øser dei fleste av oss seg opp i stunda , og så kjem resignasjonen veltande , for kva kan vesle meg gjera .
Det er ikkje innbyggjarane sitt ansvar , når den politiske styringa er ut av kontroll, dei må sjølve få den kommunale skuta i havn.
Avsluttningsvis må eg berre fortelgja, om han som hadde utedo heile sitt liv , men då kloakkavgifta vart innførd , ja så måtte han betala , og det gjrorde han livet ut .
Lova er lik for alle sa kommunen, alle skal med sa AP .
Og eigedomsskatten , ja den vil vi ikkje ha , om den er på to eller fire tusen .
Kommentarar
Kor mykje vert taksten endra med denne skatten?
Verdien kan ikkje vera den samme med og utan denne extraskatten.
Flott Anne Marit Mehl! Om nokon mot all formoding gløymer alt me har måtta finne oss i, her i Kvinnherad – komponert på naustloftet til Prestnes – så skal me minne grundig på det når vàlet nærmar seg! Slik eg ser over mitt i full fart – så er eg no nær kr 10 000,-
i eigedomsskatt på dei eg skjølv har bygd opp/lån på fleire millionar – hjelpepleiar i halv stilling og mann som er førtidspensjonert! Flott! Stemmer veldig godt med det dei lovde – ikkje meir enn kr 2000,- Så var det Marit Elrisabeth Totland som sa dei måttte sjå på dei gruppene som ramla mellom alle stolar? Kva blir det til? Rotlf Lothe som meinte det var kjekke karar i denne nemnda – måtte gå an å snakke med dei og elles at det ordna seg nok undervegs? Tøvprat!!
Fritak for førstegangsetablerar?
Det er mange som får denne som første gang’s skatt
Alle bør søka om fritak.
Kan einkvan gjere rede for kva rettningslinjer takstfolka har hatt; ta t.d. ei av dei store bedriftane som har ca 14 ooo i eigedomsskatt og mange millionar i inntekt, toppleilighetar i Klubbavikjo nyss kjøpt for ca 4,5 millionar – no taksert til vèl 900 000? Kva med ei bedrift som før hadde kr 2000 i eigedomsskatt og no må betale 75 000?? Sjå kva die betalar nede i Prestnes i forhold til betalingsevne? Kan ordføraren som er ein tilhengar av denne skatten gjere rede for rettferd her?
Margit: Rettningslinjene finn du her
Skattegrunnlaget tek utgangspunkt i antall kvm x ein fast sats. Altså er det ubetydleg om det er parkett eller tepper, eller om ein har betalt 4,5 mill eller 2 mill for leiligheita.
Så vidt eg hugsar vart det nemt at det var marknadstakst som skulle gjelde? I allefall – dette syner til dei grader kor vannvittig denne skatten/kommunale avgifta er: ein burde aldri innført den før storting/regjering hadde endra på reglane/forskriftene! Eg finn ikkje ord.. Denne galskapen kunne sikkert vært innført som ein mal for kven som skulle kunne motta kommunale tenester også…
Må sei det er ganske utruleg at Aktivitets huset i Uskedalen vistnok skal betala over 30 000 i eigedomsskatt !
Så det er slik Kulturskulebygget på Husnes skal betalast, hente inn dugnadspengane frå andre bygder !!
Det same gjeld eigentleg Helgheim (uskedalen), Dalheim (Omvikedal), Rødekors hytta på fjelhaugen og huset på Husnes…….
Alle lags hus/hytter som er drevet av nonprofitt lag/firma til innbyggaranes vel og vell bør absolutt fritas slik skatt !!
Dette er jo totalt drepen på dugnads anda som er sterk i nokre bygdar !!
Kvifor F….. gidde holde på med dugnad om det forsvinn i skatt til kommunene !!!
Har ikke kommunen garantert for lån på aktivitets huset, kanskje bare slå det konkurs, så kan kommunen overta ….
Her er lista av eigedoms skatt som lag og oranisasjonar i Uskedalen må betala, alle saman er lag som driv utan noko form for komersiell drift !
Greit det er surt å betale på eige hus !!
Men dette er hjerterått, mykje av dette tas rett av “lomma” på barn og unge, som skulle vert brukt til å lage gode oppvekst forhold for oppvoksande generasjon !!
det er heilt sjukt at politikarane i kommunen kan sitte å bestemme noe sånnt, de raserer jo fritidstilbudet til barn og unge i kommunen. men eg forstår ikke at folk godtar å få eiendomsskatt heller, det må jo vera noe vi kan gjera for å ikke få da, skulle jo gjordt noe, men det ser jo ut til at dei fleste bare venter på rekningen, og betaler når den kjem.
synest at allle skulle sendt klage til kommunen eg, klage på taksten og klage på eiendomsskatten. hjelpe sikkert ikke, men da hjelpe ikke å sitte å se på galskapen heller.
Eg forstår ikkje at dette er rett – er ikkje friviljuge organsiasjonar fritekne?? Dette er jo det glade galskap, om det stemmer?
Kan jo føye til !
Røde kors nesten 7000 !
Kvinnherad Roklubb gode 14000
………..
Men det er godt at vi snart har eit stort Kulturskule bygg vi kan legge oss inn på flatseng når allt har gått til Hel…….
Eg undrast på om dei folkevalgte veit kva dei har satt i system? Her må det blir skrekk og gru for mange – men det er vel framleis nokon som meiner at dei som eig store bygg òg har råd å betale. Meiner eg leste noko slikt her. Eller..?
Nei eg trur ikkje at dei folkevalde veit kva dei har satt i system .
Har gong etter gong gått gjennom lova om eigedomsskatt , og det er meir en ein ting eg ikkje får til å stemma , med det kommunen legg opp til.
Og dette som K Myklebust kjem fram med , gjer meg enno meir viss på at dette er nærast galskap .
Her skal mange ofra både tid og krefter , på ein eller anna friviljug organisasjon i nærmiljøet sitt , og så skal dei straffast .
Det er mangt og mykje kommunen og dei folkevalde , har hatt for seg gjennom åra , men aldri før har det vore så hinsides all fornuft , som etter sist val.
Dette er vel god distriktspolikk .
Alt som kjem under “alle andre bygningar/eigedomar” er så mangt – no kjem det for ein dag kva folk me har satt til styre og vannstell! Eg tvilar faktisk på om alle har satt seg inn i konsekvensane – dei sa " me er jo ikkje interressert i å flå folk"….
Knut; kva står det på Triohuset?
Send klage og søknad om fritak. Får du avslag så ikkje betal. Om 10000 nekta å betala så er det kommunen som har ett problem.KANSJE DET BERRE ETT FÅTAL SOM ER MOT EIGEDOMSSKATT?
I si tid starta ein Tverrpolitisk ut frå motstand mot Folgefontunellen – i dag er partiet naturleg nok lite. Så kom Innbyggarpartiet som skulle kjempe for ferga – i dag er dei desverre altfor store – enn så lenge.. Er no tida inne for eit nytt lokalparti som arbeider mot eigedomsskatt og engasjerer seg for alternative inntektsmuligheter for kommunen?
Står vel 4800 kr på Triohuset.
Med omsyn til lag og organisasjonar, uttala leiar av den kommunale takstnemnda, Arve Opsanger følgjande i Kvinnheringen (papirutgåva) måndag 1. mars:
– Kommunestyret sin intensjon er at lag og organisasjonar som driv med friviljug arbeid, t.d. idrettslag, skal vera fritekne frå eigedomsskatt. Men desse må senda ein grunngjeven søknad til kommunen, og eg vil nytta høvet til å oppoda alle dei som meiner dei skal ha fritak om å senda søknad snarast.
Når det gjeld intensjonar – så får me stadig nye stadfestingar på at intensjonar er det kommunmestyret styrer etter. Kva seier lova om dette då? men – søk fritak for all del!
Står på kommunen sine sider at det er vedteke at:
“Hus og eigedomar eigde av frivillige organisasjonar skal også vere fritekne frå eigedomsskatt.”
Sørgjeleg byråkratisk at ein må søkje for å dette fritaket, sjølvsagt.
Kor mykje vert taksten endra etter eigedomsskattvedtaket?
Mange gode innlegg her i denne saka om eigedomskatt. Dette skulle aldri vært innført i kommunen.Nesten som eg kan kalla det ei stor skam å pålegga alle meir skatt. Betaler vi ikkje nok allerede?Også å legga 7prommille på næringslivet i denne tida da dei fleste slit og snart må permitera sine annsatte.Det vil merkast hos alle,men kva skal vi gjera. Svartedauden herja også stygt for mange år sidan. Vil vi mista mange bedrifter i framtida? Eg tror det.Søral er vel inne i ei styrt avikling,andre vil kanskje også følga etter.Men kvifor 7 prommille,2 hadde vel vert rikeleg straff for att nokon vil driva bedrifter her. Att kommunen treng penger veit vi alle,men dette svir enormt for mange. Kva med alle dei vakre butikkane i Husnes senteret.Blir spennande å sjå kva utslag dette vil gjera på neste kommunevalg.Er redd det blir store forandringer.Kanskje vi treng det.
helsing Hans Håland (partiløs)
Før i tida sa vi: “Om du vil vera med på leiken, må du tåla steiken!” Med andre ord; er du ein del av samfunnet, må du vera med på godt og vondt. Denne tråden, som Anne-Marit Mehl frå Rosendal har starta, dreiar seg om å klaga politikarane som feige ved innføring av eigedomsskatt, ein skatt som kommunen treng for å oppretthalda tenestene. Ho seier vidare ”Folkevalde, yndar dei å kalla seg, desse som sit med makta i kommunen, men kva skal ein kalla dei når dei sviktar og lyg for innbyggjarane sine.”
Ho skriv vidare: ”Når desse våre styrande, nærast har skussla vekk millionar, og kassen er bunnskrapt, ja då skal menigmann versågod koma på banen og ta ansvar, og det skal vi gjera utan å koma med ein einaste liten protest.”
Anne-Marit skuldar dei folkevalde for å skussla vekk millionar og å vera feige og å svikta og lyga for ibuarane.
Dette er svært harde påstandar! Er du i grunnen klar over kva du klandrar dei folkevalde for, vanlege folk som du og andre har valt inn?
Spørsmålet mitt blir: Kva ville du ha gjort om du var politikar i den same situasjonen? Kva ville du ha bidrege med som ville ha løyst den økonomiske stoda? (Eller er det meir komfortabelt å stå på sidelina og kristisera utan å ta ansvar for noko som helst?)
Ordet er ditt!
Det merkelege er at politikarane verta kalla feige når dei innfører eigedomsskatt, på same måte som dei same vart kalla feige når dei gjorde endringar i skulestrukturen. Er det verkeleg feigt å gjera upopulære vedtak? Eller er det feigt når ein ikkje tør gjera upopulære vedtak?
Eg vil ikkje kalle dei feige – men heller at dei manglar evne til å sjå kva dette fører til på sikt.
At dei manglar evne eller vilje til å sjå konsekvensar og at dei ikkje tek på alvor den sterke motviljen som er i folket (utanom rådhusmiljøet) som dei skal representere. Først skal eg for min del betale mangfoldige tusen og etterpå skal eg ganske sikkert vere med å dekke inn eigedomsskatten til butikkane og tjenester innan næringslivet i Kvinnherad. Me har klart oss i alle herrens år uten denne skatten og hadde noko greidd oss vidare også!
Tilbake til opphavet til denne tråden: No må Anna-Marit koma på banen og forsvara på ein sakleg måte kva ho meinar med feige politikarar. Ho kan ikkje berre koma med påstandar og seinare ikkje kommentar desse!
At du Margit skal betala “mangfoldige tusen”, må du og få kontrollert. Det er truleg rett at du skal betal dette, men du bør få dette skjekka.
Berre så det er sagt , eg er redd eg hadde oppført meg likedan eg og , om eg hadde vore politikar. Det er svært mannge som har hatt gode intensjonar om kva dei ville gripa fatt i , berre dei vart aktivt med i politikken . Og når dei så er der då , ja så opplever vi oftare og oftare kva som sjer .
Det var ein på Kvardag som sa ein gong : Vi byggjer ikkje eit prangande lysthus i hagen , om taket på hovudhuset er pill rottent.
Dvs ALLE livviktige og naudsynte oppgåver må koma aller først i køen , når prioriteringar vert gjort.
Og til R Lothe , det har vore nytta alvorlegare nevningar på polikarar , enn feig .Og eigedomskatten , ja den er eg heldigvis ikkje åleine om å ikkje ynskja velkomen .
Rolf; når du uthev “mangfoldige tusen” – så antar eg at du meiner eg overdriv. For meg er 10 000,- kr pr år mangfoldige tusen – på 10 år vil eg ha betalt inn 100 000,- åleine…Så kan du jo rekne ut om promillen stig …Synest du det er rart at eg reagerer sterkt?
Eg brukte “hermeteikn” for å visa at det var ditt eige uttrykk og at du burde få kontrollert at den årlege summen verkeleg var rett. Noko anna la eg ikkje i dette!
Fint!
Frå
90 talet og fram til i dag, har det vakse fram ei attåtnæring i Kvinnherad innan hytteturisme. Oftast handlar det om ein familie som har nedlagt eigeninnsats og mykje fritid i å få nokre kroner ekstra. Eg fekk nett vite at ein kjenning fekk 17000,i skatt på tre hytter og 6000 på sitt private!! Kva skal ein sei om slikt? Kor stor inntjening trur ein det er i slik næring i forhold til t.d.store mekansike verstader? Dette er ikkje berre grovt – eg finn ikkje ord lenger! Eg kan ikkje fatte at det ikkje skal finnast unnatak for små einmannsføretak oppe i dette – dei er viktige i små samfunn. Kor er politikarane no – har dei noko å sei til slik grov urett?Eg er ganske organisert og bur frivillig her eg bur… kan eg fritakast frå skatten? Eg var ikkje motstandar av eigedomsskatt før eg leste kva det betyr for bedriftene i Kommunen vår, eg synest og at enkelte av innbyggarane blir råka vel hardt. No er eg motstandar av eigedomsskatt, og synest ideen om at “vi lar vera å betala, og viser kva vi meinar om skatten” er god. Vår eigen eigedomsskatt skal eg tåla, men om 2 år må denne sikkert dobblast. Kommunen bør verdsetja at nokon vil ha næringsvirksomhet her, og ikkje straffa dei økonomisk for at dei driv her mellom fjord og fjell, dyr infrastruktur og dårleg stellte vegar…….