Framleis berre 85 % løn?

Raudt Høyanger meiner at lønsdiskrimineringa av kvinner nesten i seg sjølv er god nok grunn til å markere 8. mars. Kvinneløna ligg framleis 15 % under løna for menn. Partiet er misfornøgd med at korkje likelønsløftet eller likelønspotten ser ut til å kome i år.
Vi protesterer mot at privatkapitalistar skaffar seg ekstra-profitt ved å halde kvinnene nede. Det skjer i private bedrifter. Raudt vil også auke offentleg tilsette kvinner si løn pga. av likestilling mellom kjønna, men også fordi kvinnene i offentleg sektor, f. eks. pleiarar, ofte har ein mykje tyngre jobb enn betre betalte menn. Klart det vil koste å heve kvinneløna i kommune, fylke og stat. Derfor må dei med eigarinntekter og dei verkeleg høgtløna skattleggjast hardare. Men desverre er dei raudgrøne (inkl. SV?) like mykje mot dette som dei blågule og tvingar derfor seg sjølv til å halde kvinneløna nede. Presset mot denne høgrepolitikken må derfor forsterkast.
Styremaktene motarbeider ikkje berre likeløns-prinsippet. Også kvinnene sin fagforeiningskamp blir motarbeidd sterkare enn menn sin kamp. Sjukepleiarane i private sjukeheimar (mest kvinner) hadde ein lovleg streik for same arbeids-, løns- og pensjonsvilkår som sjukepleiarar elles. Regjeringa stoppa streiken med tvungen lønsnemnd og streiken gav derfor ikkje det resultatet som sjukepleiarane (mest kvinner) ønska seg . På den andre sida tolererte regjeringa ein ulovleg manneaksjonen i eit års tid. Politifolk (mest menn) gjennomførte i 2008-09 ein tariffstridig overtidsaksjon som førte til ei ny overtidsavtale som er vesentleg betre enn den gamle.
No i 2010 er det 100 år sia det første framlegget om ein fast internasjonal kvinnedag kom. Forslaget kom frå Clara Zetkin, tysk sosialdemokrat som seinare gjekk over til kommunistane, på den andre internasjonale kvinnekongressen i 1910. Det var likevel først i 1922 at 8. mars blei valt til fast dato for kvinnedagen. I Høyanger blei dagen markert for første gong i 1933 – Høyanger husmorlag arrangerte då eit møte med 200 til stades. Mykje har positivt har skjedd sia den gong, men er det nokon sakleg grunnlag til at kvinner framleis skal ha berre 85 % løn?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar